Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dreg til med babykino!

Elinor Bolme Onsdag 14. september 2016

Dempa lys på dei bakre rekkene, dempa lyd frå lerretet, noko tilløp til skriking, litt tilfeldig amming her og der – det er babykino på Surnadal kino det!

«Bridget Jones’ baby» vil bli vist som babykino på sjølvaste premieredagen – fredag 16. september kl. 12 (vi har tidlegare meldt at babykinoen skulle gå noko seinare; men babyane slo seg på vranga og illsint forlangte å få sjå filmen på sjølve premieredagen – og da gjekk det ikkje med nokon «Byssan lull» og usamanhengande «dadada-tale»; da måtte vi berre skifte dag).

Og om det er slik at du ikkje har baby sjølv og vil sjå «Bridget Jones’ baby» på dagtid. Ikkje noko problem! Anten kan du slå deg saman med småbarnsforeldra og babyane, eller så kan du vente til dagkinoen som går torsdag i neste veke.

Publisert: 14. september 2016, 09:27