Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Drømmen er eit småbruk…

Drømmen er eit småbruk…

Jon Olav Ørsal Måndag 8. februar 2010

Familien Brakstad har budd på Hallabakkå sia i sommar og har i det store halvåret dei har budd i Todalen vore på jakt etter å kjøpe eit hus eller småbruk. Familien består av far Joar, mor Daniela Sabine og borna Falk Johan (3 år) og Finn Isak (1,5 år). Joar kommer opphavleg frå Vistdal og Daniela frå Erzgebirge i Tyskland. Joar er lærar ved ungdomsskulen på Sunndalsøra og pendlar dit kvar dag, medan Daniela er marinbiolog og tilsett ved Rossåa Settefisk i Todalen. Dei trivs godt i Todalen, og kunne godt tenkt seg å slå rot her. Dei likar både folket her og naturen med det som den har å by på.
I den tida dei har budd i Todalen har dei hatt følarar ute for å finne ein bustad, eller aller helst eit småbruk for å busette seg fast i Todalen. Det har i denne perioden ikkje vore eit einaste hus eller småbruk som har vore til salgs på det opne marknad. Eventuelle eigedomsoverføringar har skjedd til etterkomarar eller anna slekt. Dei forstår at det er bunde saman med sterke følelsar når det er snakk om å selje sin eigen barndomsheim til utaforståande, men meinar at det hemmar utviklinga i bygda.
Familien har no kjøpt eit hus på Kvanne. Der var det nemleg eit hus i eit bustadfelt som var til salgs, og da valte dei å slå til. Så i løpet av våren går flyttelasset til Kvanne. Men familien har for all del ikkje slege frå seg Todalen og drømmen om eit småbruk. Men dei ser at denne prosessen kan ta lang tid om den ein gong kan realiserast. Derfor vart løysinga å kjøpe huset på Kvanne i første omgang.
Joar seier at dei ikkje er overraska over at det er slik i Todalen, for han har opplevd liknande både heime i Vistdal og andre plassar. Men han meiner at dette er eit av dei største hindra for å få utvikling og ny busetting ute på landsbygda. Da må ledige hus og eigedomar omsettast slik at dei kan kome i bruk og skape nytt liv i bygdene.
Todalen.no tykkjer at dette er ein tankevekkjar og kastar hansken til aktuelle kandidatar som har eit småbruk til salgs i Todalen. Ta i tilfelle kontakt med familien Brakstad på telefon 464 32 733 eller e-post: daniela.brakstad@statkraft.com. Todalen.no kan også hjelpe med kontakt.

Publisert: 8. februar 2010, 23:29