Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det var stas å bli sett pris på!

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. desember 2015

I slutten av november mottok Grete og Martinus Torvik «Eldrearbeidsprisen 2015» frå Surnadal kommune. Det skjedde på Surnadal pensjonistlags julemiddag på Nordmøre Folkehøgskule, og kom som lyn frå klår himmel for Grete og Martinus. Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som delte ut prisen som var på kr 5000,- inkludert eit kunstverk og ei pengegåve. Todalen.no hadde ikkje høve til å være med på utdelinga, men vi tok ein aldri så liten romjulsprat med dei, heime på Høyem.

Kunstverket var eit bilde av Snøfjellet og Skjeringfjellet – signert Reidar Østvik.Resten av prisen vil dei bruke til å lage ein uteplass i hagen, som er tilpassa slik at bevegelseshemma kan bruke den. Det er spesielt med tanke på eit av barnebarna som er bevegelseshemma etter eit uhell på trampoline.

Heile historia starta i grunnen i 1992, da Grete og Martinus pensjonerte seg. Etter ein livslang karriere i Forsvaret fylte Martinus 60 år, og da bestemte dei seg for å flytte til Høyem og Todalen og bli pensjonistar der.  Dei hadde tidlegar overteke Høyem etter Martinus sin onkel Kåre og hadde inntil da bruka Høyem til ferie- og fritidsbustad i mange år.
Det var behov for å ruste opp huset, slik at det vart meir tidriktig med tanke på bruk som permanent bustad. Det tok mykje tid den første tida, men dei spreke pensjonistar og hadde energi til meir og bestemte seg for å delta aktivt i arbeid for lag og organisasjonar.

Sia er det mange som har hatt glede av innsatsen frå dei to. Grete kom tidleg med på kokkelaget til eldremiddagen, som var forholdsvis nystarta den gongen. Dette har ho halde på med heilt til i fjor. Martinus har og ein lang periode i leiinga av eldremiddagen og begge tykkjer at det er trist at Eldremiddagen måtte avslutte aktivitetane tidlegare i år.
Martinus kom tidleg med i styret for Todalen idrettslag og var sekretær i mange år. Ei av dei viktige sakene han minnes er forhandlingane med Statnett om overtaking av skihytta på Ørsalfjellet. Desse forhandlingane enda opp med at TIL fikk skihytta gratis og ein liten slump med pengar på ”kjøpet” etter forslag frå Martinus. Dette var eit godt utgangspunkt og pengane kom godt med til vedlikehald og renovering av hytta.

Alle_5908

Grete og Martinus feira i år jula på Høyem, saman med dottera Mette. Foto: Jon Olav Ørsal

Politisk engasjement vart det også – Martinus stilte på kommunevallista til AP, og satt ein 4-årsperiode i kommunestyret.  Og som blodfersk politikar fikk han og vervet som overformyndar i kommunen. Det var eit verv han hadde i 7 år. Han fortel vidare at dette vervet ga han gode mulegheiter til å bli kjent i kommunen.  Han besøkte mange som hadde ymse behov for bistand og minnes at dette var ei givande tid.
Todalen elveeigarlag var ein anna organisasjon som fikk glede og nytte av Martinus. Frå perioden i styret minnes han at dei jobba mykje for at konsesjonskrava om utsetting av smolt skulle oppfyllast. Seinare har både dette og opprusting av tersklane og andre miljøtiltak i Toåa vorte gjennomført.

Eit anna av hjartebarna er Surnadal pensjonistlag. Både Grete og Martinus var aktive medlemar i pensjonistlaget og har delteke på dei fleste av arrangementa. Martinus vart styremedlem i laget og kan sjå attende på 15 år som kasserar før han takka av.
I tillegg har det og vore tid for familieliv. I den aktive perioden i Forsvaret vart Martinus beordra til teneste fleire plassar, og familien flytta sjølvsagt med på lasset. Det heile starta på Starum med førstegongsteneste, og så vidare til Nordfjordeid og Evjemoen . Så vart det ny runde på Starum.  Der trefte han Grete, og ho vart seinare med på ”lasset” vidare til Mysen, Maukstadmoen , Sessvollmoen, Akershus festning, og til sist 17 år i Trondheim.

Trondheim var også gunstig med tanke på bruk av Høyem til feriar og langhelgar. Grete og Martinus tykkjer også det er triveleg at resten av familien trives godt på Høyem og i Todalen.  Dei er etter kvart vorte 3 barn, 7 barnebarn og 6 oldebarn, og er spreidd frå Odense i sør til Trondheim i nord.  I jula har dei besøk av dotera Mette frå Trondheim – men elles har dei mykje besøk av familien.
Vi har hatt ei fin pensjonisttid her på Høyem og Todalen, konkluderer Grete og Martinus da vi omsider tek forvel.  Vi gratulerer med velfortent pris – Eldrearbeidsprisen for 2015, og ønskjer samtidig godt nyttår!

Publisert: 31. desember 2015, 13:00