Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det har vore rør i 48 år – til jul er det slutt

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2016

Den 2. september runda Knut Stavik 67 år, og vart pr definisjon fulltids pensjonist.  Da har Knut halde på med rør og rørleggjarfaget i 48 år – og det i eit og same firma. På same tida har firmaet skifta eigar 2-3 gong, og Knut seier at det har vore ein interessant arbeidsplass frå dag 1 – samtidig som det dagleg har vore nye utfordringar.

Knut vårt nærast headhunta av Leiv Strand i 1968. Den gongen heitte firmaet «Surnadal rørleggerforretning – Leiv Strand og Halvor Næss». Den gongen var timeløna 4,50 og første jobben han var med på var da den gamle sjukeheimen vart bygd på Bårdshaugen.
Seinar vart Leiv Strand eineeigar av selskapet, og namnet vart Surna Varme og Sanitær. Da Leiv Strand vart pensjonist tok Eivind Strand og Kjetil Løften over, og da var firmanamnet Surnadal varme og Sanitær AS – i dag kalla Comfort Surnadal i daglegtale.

utsikt_knuts_4490

Knut Stavik skal nyte sitt otium heime på Sjøasæter. Flott utsikt utover Surnadalsfjorden. Foto. Jon Olav Ørsal

På spørsmål om kva som blir pensjonistsysselen, har Knut svaret klart….
Det blir turisme – heime på Sjøaseter, utafor Surnadalsøra. – På garden har eg fleire hytter som har behov for litt renovering,  og når du har eit 10-tals båtar og påhengsmotorar så er det alltids nokon av dei som treng vedlikehald.

Knut fortel at han har drive med turisme sia 1987, og at det er svenske og faktisk mest tyske turistar som har tilhald her. – Og dei ser ut til å trivast, for dei kjem att hit år etter år, seier han, og fortel vidare at han slutta med dyrhaldet på den tida, og har etter kvart renovert både fjøset og låven, slik at lokala der kan leiast ut til selskapslokaler – til bursdagsfeiringar og liknande.

svanhild_knuts_4476

På låven har har «Svanhild» fått sin plass i troppoppgangen. «Svanhild» høyrde til på garden, og her er modellen som Sverre Sjøflott laga av båten. Foto. Jon Olav Ørsal

rokeri_knut_4499

Eige røykeri høyrer med til hamnealegget. Foto: Jon Olav Ørsal

hytte_knuts_4487

Knut Stavik har fleire hytter som han leier ut til svenske og tyske turuistar. Foto. Jon Olav Ørsal

bathamna_4501

Eiga småbåthamn i tilknyting til turistanlegget. idyll med utsikt innover mot Surnadalsøra. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. september 2016, 11:46