Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Desembervarme – mot normalt, eller?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2013
I år har vi opplev ein desember litt utanom det vanlege når det gjeld temperatur. Hittil har det vore varmegrader kvart døgn, unnateke ett. Tilsaman 8 av døgna har det vore meir enn 10 plussgrader. I to av døgna har det vore kaldare enn 10 kuldegrader. Julaftan 2013 vart den nest varmaste som er målt på Småhjellan sia 1990 med + 13,1.  Men er dette så unormalt?
Den varmast julaftan var det nettopp i 1990 med  + 13,8 grader. Det aller varmaste desemberdøgnet registrert på Småhjellan var i år 2000 med + 16,5 ! I 2006 var det heile 13 døgn i desember med maksimumstemperatur på +10 eller meir. (Den rekorden blir neppe slått i år, om dei attverande dagane i desember kjem over + 10).
I andre enden av skalaen finn ein julaftan i 2010 med – 17,9 grader som minimum. Same året vart den lågaste desembertemperaturen her målt til  – 19,9 grader, skriv Jon Bruset i e-posten til Todalen.no. Han har drive regestrering av minimums- og maksimumsteperaturer på Småhjellan sia 1990.
Publisert: 25. desember 2013, 23:00