Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den tradisjonelle juleavslutninga unnagjort for i år

Elinor Bolme Torsdag 15. desember 2016

Ein fullsett gymsal og vel 30 spente elevar og barnehageborn sette rammene for den årlege tradisjonelle juleavslutninga på Todalen oppvekstsenter no i kveld. Elevane hadde førebudd seg godt i tida før kvelden og framførte både eventyr, songar og andre kunstneriske innslag til dei mange frammøte.

Etter programmet på scena vart det gang rundt det fine juletreet som elevane hadde pynta dagen før. Og jaggu dukka ikkje nissane opp også, trass stor diskusjonar i media om deira eksistens i slike arrangement…

FAU stod for kaffekokinga, og alle dei frammøtte kosa seg i eit par timar med eit langbord knappsett med godsaker til slutten av arrangementet.

sverre kjølstad karin halle

Sverre Kjølstad var spesialinvitert og fekk ei oppmerksomheit for sin årelange innsats som bussjåfør på todalsungane. -Eg kjøyrde så lenge eg fekk lov da, smilte Sverre. Leiar i FAU Karin Halle overrekte helsinga frå alle ungar i bygda.

Under er eit rikhaldigt galleri frå resten av juleavslutninga. Alle foto ElinorB

Publisert: 15. desember 2016, 22:44