Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store kinodagen i Surnadal

Steinar Hasselø Fredag 3. november 2017

I morgon er det halv pris på kinoen og Surnadal kino byr på tre barnefilmar – i tillegg til ragnarok med Thor.

Er du ung av alder, kan du (nesten) se tre filmar for ein hundrelapp. Og ein av filmane er ei førpremiere: «Ekspedisjon Knerten» vil gå på kino først om fjorten dagar, men nokre kinoar får også tilbod om å vise den på laurdag. I den fjerde Knerten-filmen flyttar Lillebror og familien til Vestlandet, men Lillebror har ein draum om å reise på langt farlegare ekspedisjonar …

«Ekspedisjon Knerten» blir vist kl. 1100 på laurdag.

Og så blir det sett opp film annakvar time utover dagen, i denne rekkjefølgja: «Karsten og Petra lager teater» (går også fredag kl. 1800), «Askeladden – I Dovregubbens hall» (grense: 9 år) og «Thor: Ragnarok» (12 år).

Dagen før, fredag 3. november, kjem det for øvrig eit stunt av ein vaksenfilm (15 årsgrense), mest for dei som er glad i råbarka, til dels blodig, humor: «Juleblod» handlar om ein seriemordar, kjent som «Nissen», som drep på julaftan kvart år. Og no er det altså snart jul igjen …

Publisert: 3. november 2017, 09:45