Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store avreisedagen….

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2016

På Stabburstaket i Nilsstua har det i år hekka ei grågås. Dette har vi tidlegare omtala på Todalen.no for eit par veker sia. Fredag 20. mai var nok den store dagen og 5 fine grågåsungar vart klekte. Laurdag føremiddag fikk vi bilder av at mora tok ein luftetur med ungane på stabburstaket.  Og alt laurdag ettermiddag var tida komen for avreise. Jon Bjarne, Liv Ingrid og Stig satt på terrassen og såg på at dei fem ungane hoppa ned frå taket – ein etter ein…

Grågås2_9587

Mora viser stolt fram avkommet for første gong – 5 små grågåskjuklingar – klar for å dra ut i den store verden. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette var litt av ein opplevelse – først hoppa mora og så hoppa ungane etter, fortel Jon Husby som hiva seg på telefonen da han såg kva som kom til å skje. Når vi kom til Husby var alle komne ned, men vi fikk iallfall nokre bilder av gåsefamilien på tur ned Husbybakken og ned på vegen. Heldigvis var det ingen trafikk på vegen så dei kom seg over og ned måt kanalen i Evja. Der er dei nok i sitt rette element og der sluttar også historia.

Bildeserie frå dagens seanse med grågåsene på Husby.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. mai 2016, 15:50