Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den er kanskje den einaste i Europa?

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2017

Vi snakkar om noko så uvanleg som ein Ford Mustang Sherrod 500S.  I går trefte vi Per Ørsal, som var på Todalstur med nettopp ein slik bil. Litt av ei kjerre må det vel kunne seiast, for det finns ikkje makan i Europa, og berre nokre få – kanskje berre eit tital i USA, fortel Per.  Han er bilentusiast på sin hals og har spesialisert seg på Ford Mustang, sjølv om også andre merke er interessant…

Under panseret sitt ein 4,7 liters besinmotor som yter 340-350 hk. Foto: Jon Olav Ørsal

Eksklusivt førarmiljø – sjølvsagt originalt utstyrt. Foto: Jon Olav Ørsal

Bilen stod parkert framfor Matkroken Todalen, og den stakk seg godt ut der han stod. Det var ein 2008-modell som er importert frå USA, men Per kjøpte den av eit firma på Hamar. – Under panseret sitt ein 4,7 liters bensinmotor som yter rundt 340-350 hk når den for nok bensin å leve av. Den har 5 trinns manuelt gir, og legg vi merke til detaljane så kjem luftfilteret opp gjennom ein opning i panseret, og så har den sideeksos. Dette er ein slik bil som folk snur seg etter, uansett kvar du startar i veg. Om eit par veker skal den stillast ut på Amcar-utstilling i Trondheim – der vil den nok bli lagt merke til.

Under panseret sitt ein 4,7 liters besinmotor som yter 340-350 hk. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var gammalonkel Thorvald i Amerika som vekte interessa for bilar hos Per. I slutten av 60-talet var han på besøk i Todalen, og hadde med seg eit stort dollarglis av ein bil – ein Ford Custom. Det var stas kan du tru – og seinare kom han att fleire gong, og dermed var interessen for slike bilar tent hos Per, som sjølv har importert rundt 15 amerikanske bilar til Noreg. – Og favorittmerket er nettopp Ford Mustang. 

Den absolutte favoritten han har hatt i garasjen er ein Ford Mustang Fastback 1967 og ikkje langt etter ein i same modell av 1969-årgang. Per blir blank i auga når han snakkar om desse bilane. Det er solide bilar som varer lenge og som du kan ha mykje glede av, seier han beskjedent.  Men han nemner også i same slengen at han har ein brukbar bil heime i garasjen – det er ein Chevrolet Corvette Pace Car 1998-modell. Den blir også lagt merke til når den er ute på lufting – det finns 5 av den varianten i Noreg.

Ford Mustang Sherrod 500S i all si prakt – sannsynleg vis den einaste i Europa. Foto: Jon Olav Ørsal

Per er bilentusiast over sin hals – dei siste åra har han importert 10 -15 Ford Mustang og den han har i dag blir nok ikkje den siste! Foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. august 2017, 09:13