Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 5; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Sundag 21. april 2019

Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing, men først må vi ein tur på bua.

Pilk Panter hang ved panteautomaten. Han blinka og ulte, men denne gongen var det ikkje Pilk Panter som hadde putta på anna enn det opplysningsplakatane til Handelsmann Nordvik sa «Coken colen frå Amerika, de går kjøle bra. Vatn frå Voss og neri lainjå, må du pant i lag me kaijnnå» Handelsmann arbeide iherdig inne i maskina, og stresset vart ikkje akkurat mindre med at køa vart lengre og automaten peip. Men der fekk han tak i det som verka å vere syndaren. Ei orgelpipe? Han heldt ho opp så fleire fekk sjå. Det mumla bakover køa. «Jøss, ei kn-pipe! Det har eg ikkje sett før» utbraut Pilk Panter og klarte ikkje å stogge begeistringa si. «Kva meiner du med ng-pipe» spurte Ein heil Halling «Du meiner gn-pipe?» sa ein anna Halling. «Nei, eg meiner kn-pipe» svara Pilk Panter. «Den er ikkje så ofte bruka, den er meir som ein stum tone. Meir slik som engelskmenn utalar kn, altså knitght, knitting» Pilk Panter demonstrerte dei engelske orda med stum k. «Jaja, nok engelsk.» Handelsmann Nordvik var uroleg. «Dette forklarar ikkje kvifor ei orgelpipe hamnar i panteautomaten.» Køa såg på Pilk Panter. Han såg på Handelsmann Nordvik «Du meiner vel ikkje at eg har prøvd å pante ei orgelpipe?» «Kva veit vel eg? Sist du var innom peip det òg i automaten» «Men eg …» Pilk Panter vart avbroten av Gammelostystar Gjeldnes, også kjent som soknerådssekretær Gjeldnes «Men er ikkje dette pipa dei ikkje fann igjen i 1995? Kvar har ho vore i mellomtida?» Køa fekk ein anna pip, men ein av dei visste godt svaret på det. «I jorda mi» svarte Grasforskar Grønmyr. Dei andre gispa. Kva var det han sa, hadde grasforskinga gått han til hovudet og fått han i frø «Kva plakat gir deg inntrykk av at metall skal puttast på automaten?» Handelsmann Nordvik peika på plakatveggen som omkransa panteautomaten. Grasforskar Grønmyr måtte innrømme at det var ingen … «men det er ikkje eg som har putta ho på automaten. Eg har berregrave ho opp.»

Tursti Bolme sto òg i køa og lagde straks ei sak til todalen.no. «Sjokkfunn på Halle!» vart overskrifta. Men ikkje alle var like glade over at orgelpipa ikkje lot seg pante. For nokon i køa meinte at ho passa best i jorda ho var grave ut av …

Jaha? Var det nokon i køa som hadde interesse av at pipa held seg unna? Kven kan det vere tru? Send inn svar til red@todalen.no, og grunngi det gjerne.

Alternativa er:

  1. Pilk Panter
  2. Tursti Bolme
  3. Ein heil Halle
  4. Handelsmann Nordvik
  5. Gamalostystar Gjeldnes
  6. Startnummer 1 Bruset
  7. Frk Bladfyk
  8. Neinei, det er sjølvsagt … eige forslag.

Mens du spekulerer kan du høyre dagens episode her:

Først publisert: 21. april 2019, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2019, 20:58