Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Del 4; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Laurdag 20. april 2019

Den lengste fredagen i året er over. Kjerringdiltar 2019 er kåra, men det verkar som at det er Halle som er sentrum denne påska. Eit mysterium i seg sjølv. Men ikkje heng deg opp i det, vi lurar vel alle på kva kameraet til Grasforskar Grønmyr har fanga opp?

Det var sjeldan han hadde funne seg ein betre ny start, men denne bygda hadde alt. Ein ting var naturen, noko anna meir unikt var folkeslaget. For han som var pensjonert språkvitar hadde høyrt rykte om bygda som til og med hadde eigne dialektvariantar av ei dialekt som alt var for vidarekomne. Nokon ville nok kalle det talefeil, men han noterte sosiolekt ned i papira sine. Han hadde ikkje kome så langt med notatane sine enno, til det var det for mykje fisk i fjorden å dra opp. Og det viktigaste var no å nærme seg informantane i sitt naturlege habitat. Han skrudde opp orgelmusikken i bilen og køyrte nedover bygda.

«Er det urhalling tru?»  tenkte Grasforskar Grønmyr. Bilde bak på kameraet synte eit omriss av noko, fanga på kameraet ved hjelp av lydbølgjer av krengelhæk. Omrisset var langt og smalt, men elles ga ikkje bilde noko meir.  Men om det var urhallingen mangla han armar og ein fot. «Det er i så fall ein halv halling» mumla han. Men om dette var berre det halve, kvar var resten då?

«Kor langt nede i jorda ligg han eigentleg?» Grasforskar Grønmyr sjekka lydbølgjeinstrumentet «Ser ut til at det er seks fot ned.» Burde han varsla nokon? Nei, det var best å ta spaden i eigne hender, det kunne vere falsk alarm. Og eit flaut oppslag på todalen.no med «Trudde det var urhallingen» orka han ikkje. Han klarte ikkje å fri seg frå at forma på det som låg i jorda  minna om noko anna. Her var det berre å ta spett og spade fatt.

1985; endeleg skulle han vere konfirmant. Heilt åleine. Akkurat slik som den høgvyrde kronprinsen. Orgelet var nyoppussa, litt til ære for han tenkte Konfirmant Halset medan han testa vengespennet i kappa. No var alt klart. Straks skulle dørene opne seg opp og alle skulle reise seg for han. Presten nikka til klokkaren som spratt opp for å gje Orgelreparatør Sjølyd klarsignal. Ho hadde sjølv æra med å spele det nyreparerte instrumentet. Mektige tonar brusa endeleg utover kyrkjerommet igjen. Og opp midtgolvet gjekk konfirmant og prest. Orgelreparatør Sjølyd hoppa elegant over tonen som mangla. Det verka som ingen i kyrkjelyden la merke til det. Dei hadde nok med å smile til den nykjemma konfirmanten.

Grasforskar Grønmyr hadde halde på ei god stund før spaden trefte noko hardt. Det klang som metall mot metall. Kva var dette? Han skrapa rundt der spaden hadde møtt motstand. Det var noko som blenkte. Var urhallingen laga av stål? Eller var det ei hofteprotese han hadde råka først? Han grov vidare. Men dette var da ikkje beinrestar, men eit stålrøyr. Eit hult stålrøyr med spiss ende. Det likna faktisk ei … orgelpipe? Han såg opp. Den sølvgrå bilen han hadde sett tidlegare var der igjen. Denne gongen stoppa han. Venta litt, før bilen starta opp og køyrte vidare. Berre lyden av Skjebnesymfonien til Beethoven hang igjen i lufta. Nei, dette måtte han faktisk ha hjelp til. Han tok med seg kameraet og småsprang heim.

Endeleg gjekk Grasforskar Grønmyr …  Mannen med Spade smaug seg bort til gravstaden som ei gaupe. Som han hadde frykta. Der låg ein siste sort møkkja-påle, ein blåmåla skjettu-dall, ein firkanta purkhus-glugge med vett som er gjort tå metall. No skulle han igjen ta orgelpipa i handa og gnu ho til krøtter-mjøl …

Men altså, kva slags pipelort-mysterium er dette? Kan ein tolke det slik at urorgelet finn seg i ura på Halle? Og kva gravplyndrar er det som smyg seg rundt? Ein kan bli uroleg av mindre. Kva ordskifte møter oss i morgon tru?

Høyr episode 4 her: 

Først publisert: 20. april 2019, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2019, 20:55