Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dei to første laksane på land

Dei to første laksane på land

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Dei to første laksane er komne på land i Toåa.  Den første var det tor lerstang som tok, i år som i fjor, og det var eit fint eksemplar av ein villaks på 7,5 kg. Den vart teken på Ramsøy-valdet. Men ein god nummer to vart Bjørn Anthony frå Vågland, som tok ein laks på 5,8 kg ved Lakssteinen frå Djupdalssia.

Det var første laksen til Bjørn i år, men det vart nok ein betre start i år enn i fjor.  Da tok det nærare ein månad før han fekk på land den første laksen, etter å ha mista 7 fine laksar som mesta vart med til lands. Det var den reiaste trolldomen som kvilte over fikreriet til Bjørn i fjor, men den ser altså ut til å være broten no og bra er det. Bjørn har fiska i Toåa i snart 20 år, og er nok etterkvart nærast lommekjent i hølane i elva. Den fine laksen retta nok opp litt på sjølvtiliten etter fjorårets sesong, trur vi!

Publisert: 16. juni 2013, 17:54