Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens turtips: Nauståfossen ved Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juli 2017

Med langtidsvarsel på yr.no som lovar sumarvêr og temperaturar som ligg langt over det vi har vore vant til den siste tida, kan vi kome med ei anbefalt utflukt som kan passe for alle – nemleg til Nauståfossen ved Kårvatn.  Enten du har eit lokalt utgangspunkt eller om du startar med bil så blir parkeringsplassen på Kårvatn utgangspunktet for fotturen.

Du parkerer på parkeringsplassen og startar turen over brua til fots. Her passerer du butikken til Kårvatn Fjellustyr, og dersom du manglar noko turutstyr så stikk du innom der.  Turen til Nauståfossen er ein halvtimes spasertur etter veg og sti fram til fossefallet. Stien kan være litt fuktig, men etter eit par-tre dagar med opphaldsvêr er det no god føre for joggesko.  Når det er litt meir fukt er det nok ein fordel med fjellsko eller litt grovare tursko. Er du ein liten friskus kan du også ta ein dukkert her, men det det prøvde ikkje vi denne gongen.

Bildeglimt frå dagens tur til Nauståfossen – Alle foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. juli 2017, 19:39