Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dagens StikkUt-mål: Strengen.

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. september 2015

Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar.

IMG_6418

Utsikt mot Åsbøsnyta og Sula. Nordvik ser vi, og. Foto:D.J.H.

Det er mange ulike ruter opp til Strengen, men Stikk Ut-turen er merka frå Vang. Det er ein utruleg fin tur oppetter ein god sti, tørr og lett å gå utan vanskelege parti. Her møter ein og  minne fra tidlegare tider. Det er merke etter gamle setrer og fjøs, –  stien er delvis bearbeidd, store steinheller er brukt som bruer, og enkelte plassar er stien hellelagt. Friluftsrådet skriv: «Frå parkeringsplassen ved Vang er det mest umuleg å gå feil.» Det stemmer – turen er kjøle godt merka.

IMG_6312

Vi starta frå Vang, ein idyllisk plass med ein nostalgisk silo. Foto: D.J.H.

IMG_6317

Vi såg tufter etter gamle seterhus og fjøs oppover lia. Interessant at plassane er merka med namn. Foto:D.J.H.

På toppen av Strengen er det linkstasjon. I tilknytning til denne vart det bygd eit hus her oppe sommaren for 33 år  sidan. Firmaet Lønheim frå Kristiansund stod for bygginga, og Hans Gundersen var arbeidsformann. I dag tok han turen opp for å sjå om huset stod!

IMG_6366

Hans Gundersen framfor huset som vart bygd sommaren 1982. Foto: D.J.H.

IMG_6345

Linkstasjonen på Strengen. Vi møtte familien Settem. Foto: D.J.H.

Det ersvært mange som tek turen opp til Strengen, somme tek det som treingstur medan andre som familekos. I finveret i dag var det i alle fall ein kjøle fin tur.

IMG_6399

Kjøle fin sti. Her Kari og Jon Vang på tur opp, medan Hans tek ein pause på tur ned.
Foto: D.J.H.

 

Først publisert: 3. september 2015, 22:41 - Sist oppdatert: 4. september 2015, 11:26