Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byste av Hans Kristiansen avduka i Kristiansund

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. november 2015

Laurdag 7. november vart ei byste av forfattaren Hans Kristiansen avduka på biblioteket i Kristiansund. Bysta er laga av bilethoggar Aimee Døhlen og vart gjeve til Kristiansund kommune av Herman Døhlen junior. Under bysta står følgjande tekst: «Hans Kristiansen. Dikter, librettist, gledesspreder og lektor ved Kristiansund off. høgre Allmennskole 1938 – 1948. Skrev bl.a. diktsamlingen «Liljer i blekkhus» i Kristiansund. Bysten er utført av Aimee Collett Bang Døhlen. Gitt av Herman Døhlen jr.»

IMG_7097

Varaordførar Ragnhild Helseth tek imot bysta av Hans frå Herman Døhlen jr. Foto: Dordi J.H.

Hans Kristiansen sat modell for bilethoggar Aimee Døhlen medan han arbeidde som lektor  i Kristiansund, og bysta i har vore i familiens eige fram til no. Sonen til Aimee Døhlen, Herman Døhlen jr., hadde  bestemt at bysta no skulle gjevast til Kristiansund kommune, og varaordførar Ragnhild Helseth tok imot gåva med glede. Det passar godt at bysta av Hans Kristiansen får plass i operabyen da han samarbeidde mykje med dei to komponistane Edvard Bræin og Edvard Fliflet Bræin som båe to var knytta til operaen i byen.

IMG_7092

Ola Bræin fortalde levande og godt om Hans Krsitiansen. Foto: Dordi J.H.

Ola Bræin underheldt, han spela nydeleg på munnspelet sitt, både folketonar frå Nordmøre og melodi komponert av storebroren Edvard Fliflet Bræin. Han hadde mykje interessant å fortelje om Hans Kristiansen, og han sa mellom anna at sjølv om Kristiansen budde dei fleste leveåra sine i Trondheim, var han livet ut nordmøring. Mellom anna var Hans ivrig fjellvandrar, og «gullruta» hans var frå Todalen med Kårvatn  til Innerdalen og Fahle i Sunndalen. Ola Bræin las diktet «Todalen» av Hans Kristiansen. Vi veit at diktaren var sterkt knytta til bygda vår og ferierte  her meir enn femti år.

IMG_3880

Desse fire hadde mange gode minne om Hans Kristiansen. Dei fortalde, las dikt og song, og dei både imponerte og sjarmerte publikum! Frå venstre: Jakob Halvorsen, Bernt Gulla, Nora Halle Hoem og Herman Døhlen jr. Foto: Dordi J.H.

To tidlegare elevar av Hans, Nora Halle Hoem og Bernt Gulla, tok fram minne frå skuletida. Dei mintest ein noko utradisjonell og munter pedagog. «Kristiansen var en opplevelse som lærer.»  Dei las kvart sitt dikt frå «Liljer i blekkhus»: «Elevportrett» og «Fotballkampen».

Jakob Halvorsen studerte i si tid ved NTH i Trondheim, og han var med og laga studentrevy i byen, Uka. Da reiste studentane i lag med Hans Kristiansen til Fillipshytta i Todalen for å lage revystoff. Han song ei av Hans Kristiansens mest kjente studentviser  –  «Byggstudent Havre» frå revyen i 1951. Første verset er slik:

«Jeg har artium, jeg har briller på. Jeg studerer nu ved NTH. Jeg har gitt meg vitenskap i vold. Gud velsigne deg min stakkars knoll.»

IMG_3878

Alle desse bidrog til at arrangementet laurdag vart riktig så flott. Frå venstre: Jakob Halvorsen, Bernt Gulla, Ragnhild Helseth, Elisabeth Soleim, Tore Myrum, Nora Halle Hoem, Ola Bræin og Herman Døhlen jr. Foto: Dordi J.H.

Arrangementet på biblioteket i Kristiansund var spesielt, svært interessant og ei god oppleving.

Til slutt kan det nemnast at skulpturen av Vangsgutane som står ved Gammelskulen, er laga av Annasif Døhlen, dotter av Aimee Døhlen og søster til Herman Døhlen jr.

 

 

Først publisert: 9. november 2015, 02:16 - Sist oppdatert: 10. november 2015, 00:41