Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byr på handlekveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. oktober 2019

I neste veke arranger Byggmakker handlekveldar på sine butikkar i Surnadal, Sunndalsøra og på Bytås. Da er butikkane opne frå 18-21 på kvelden – det skjer tysdag 29. oktober på Byggmakker Tredal, onsdag 30. oktober hos Byggmakker Surnadal og torsdag 31. oktober hos Byggmakker Bytås. Onsdag kveld er det altså kveldsope i Surnadal, og da er også Hageland kveldsope.

Vi har mange gode tilbud denne kvelden, seier Marit Gjeldnes som kan ønske velkomen til handlekveld på Byggmakker Surnadal onsdag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Marit Gjeldnes som er ass. butikksjef på Byggmakker Surnadal fortel at Byggmakker desse kveldane har eit utvida samarbeid med mange av sine leverandørar som stiller opp for å gje gode råd om produkta sine på desse kveldane. I tillegg er det mange gode tilbod som kundane kan gjera seg nytte av på desse arrangementa. 

På Hageland Surnadal satsar dei på å ha juleutstillinga på plass til denne handlekvelden, så det blir ein slags premiere for julesesongen som startar rundt månedsskiftet, fortel Gjeldnes.  Vi serverer kaffe, kake, knask og knep utover hele kvelden, sa Marit Gjeldnes til slutt!

Byggmakker og Hageland er medlem i Todalen.no

 

På hageland er mange av juleutstillingane på plass i butikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Hubertine Roebroek i full gang med juleutstillingane på Hageland. Foto: Jon Olav Ørsal

Plakaten med mange gode tilbod og anna informasjon.

Publisert: 26. oktober 2019, 10:13