Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bur seg på ein ny vinter

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. september 2020

 Med nysnø langt nedover Snøfjellet må det være rett prioritering å rydde unna stein som er komen ned i fangnettet ved raset i  Stranda. Det er mesta som har denne jobben også, og sjølvsagt måtte trafikken regulerast forbi anleggsområdet.

Rydding i fangnettet ved raset – trafikken var regulert forbi området på føremiddagen torsdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er no litt over 7 år sia raset gikk (31. juli 2013) , og vegetasjonen er alt i ferd med å «ta over» rasområdet igjen.  Likevel føles det trygt at det er eit fangnett rett ovafor vegen som kan samle opp både stein og eventuell vegetasjon som kjem nedover rasområdet når det er mykje regn eller snø oppover i rasområdet. 

Vinteren kryp innpå – snøføre i Snøfellet og Skjeringfjellet for dei som driv med rypejakt . Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. september 2020, 09:35