Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Budalstur på speilhålka…

Jon Olav Ørsal Fredag 6. februar 2015

Torsdag kveld var redaksjonen på på skikkeleg utror for ein gongs skuld. Turen gikk på speilhålka til Budal like ved Støren, og hovudærendet var å besøkje budal.net som jobber med å etablere, eller rettar sagt revitalisere nettsida dei har i dag. Dit var vi invitert for å fortelje om Todalen.no, og korleis vi jobba for å halde nettsida aktuell «kvar einaste dag» som er vårt slagord.

EllinorB&IngebrigtDragset_3330

Elinor Bolme og Ingebrigt Dragset kikar på nettsida vår – Todalen.no Foto: Jon Olav Ørsal

Tiltross for iherdig blinking av antispinnlampa på dashbordet kom vi oss velberga til Budalen, og trefte ein ivrig og engasjert gjeng som var samla til orienteringskveld i forsamlingshuset i regi av Budal bygdeutvikling, der Ingebrigt Dragset er ledar og primus motor.

Vi prøvde etter beste evne å orientere om kva vi har gjort, – både rett og rangt, og fikk etter kvart ein veldig god dialog med møtedeltakarane som representerte idrettslaget, skyttarlaget, ungdomslaget og mange andre lag og organisasjonar i bygda. Ingebrigt Dragset i Budal Bygdeutvikling var godt nøgd med interessa for å få til ei satsing, så gjengen avtal å treffes om eit par veker for å jobbe vidare med prosjekt «Budal.net», og dette trur vi at dei får til.Nettsida til Budal bygdeutvikling ser slik ut i dag.   (utsnitt frå Internett)

Budalen er forresten ei bygd som liknar mykje på Todalen, både når det gjeld næringsliv, kulturliv og andre aktivitetar. Folketalet er rundt 500, så dei er litt fleire enn vi, og ligg  2-3 mil frå Støren som er næraste tettstad.

Vi ønskjer «Budalsgjengen» lykke til, og vil nok følgje med på kva som skjer på nettsida etter kvart!

Publisert: 6. februar 2015, 19:39