Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brusetmarka: Stor interesse for historia

Brusetmarka: Stor interesse for historia

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juni 2012

Det var stor interesse for den historiske vandringa som Todalen historielag la opp til i Brusetmarka. Værgudane sørga for at det vart ei vandring på lerretet på Gammelfabrikken for eit stort 60-tal, og det var eit godt alternativ i regnvêret. Finn Talgø var hyra inn som kjentmann og formidlar av historia til Brusetmarka. Han starta med historia om Bjørås og da han og foreldra Erling og Aslaug bodde der. Da han var 15 år, flytta til nybygd bolig på Brekkvoll. Finn tok for seg hus for hus innover grenda, og fortalte om kven som har bodd der og litt om livet i grenda i gamle dagar. Det var også mange publikum som supplerte med opplysningar,  og  krydra førestillinga med muntre historier frå gamle dagar.

Det vart bruka litt ekstra tid på det store raset som gikk i Brusetmarka midt på 50-talet. Da var det ekstrem falumelv, og ein var redd at heile grenda skulle bli øydelagt av ras. Den gongen var heile grenda evakuert og etterpå vart det gravd ein kanal over Tjønnmyran som skulle sikre mot framtidige ras.

Han tok også for seg historia til Talgø Møbelfabrikk. Den starta så tidleg som 1899, da besteforeldra til Finn kom frå Kristiansund for å starte fabrikk ved Storfossen. Det var nok fossen som kraftkjelde som gjorde at det vart bygd fabrikk i Brusetmarka, for det vart heilt frå starten produksjon av strøm i eit lite kraftverk. Som ein kurositet kan ein nemne at det var gatelys i Brusetmarka på den tida. Om kvelden var det nemleg ledig kapasitet på linja som gikk utover grenda, der det vart montert lamper.

Finn fortalte openhjertig om både gode og vonde dagar i møbelproduksjonen som på gikk i lokala ved Storfossen heilt til produksjonen vart flytta til nybygd fabrikk på Kvennset på byrjinga av 70-talet. Dei siste arbeidarane flytta etter til Kvennset nokre år seinare. Deretter stod Gammelfabrikken ubruka nokre år, før det vart aktuelt å bruke den til utstillingslokale. Dei siste åra er det investert eit 20-tals millionar, der heile huset er rusta opp både innomhus og utomhus. Det er også starta på utbyggjinga av parkanlegget rund fabrikken, og den gamle dammen ovafor fabrikken er renovert. Arbeidet med parkanlegget bak Gammelfabrikken er på langt nær ferdig, og vil fortsette i åra som kjem.

Etter at programmet var ferdig var det tid for kaffepause og da vart det nok mang ein prat om livet i gamle dagar rundt borda. Det var også omvisning rundt i heile huset for den som hadde lyst til å sjå kva Talgø driv med i dag og produkta dei tilbyr marknaden.

Her finn du eit bildegalleri fra historielagets arrangement på Gammelfabrikken.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. juni 2012, 20:01