Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brikke eller aktør?

Brikke eller aktør?

Elinor Bolme Torsdag 27. september 2012

Sist helg var over 200 medlemmer fra Norske Kvinners Sanitetsforening samla i Oslo for å overvære NKS-dagene. NKS-dagane er opplagt til å informere og bli betre kjent i eigen organisasjon, men også å skape engasjement og vekst i alle 19 fylka frå nord til sør. Og særleg økt medlemsmasse og synleggjering av Norges største kvinneorganisasjon sto i sentrum begge dagane. Møre og Romsdal var godt representert under arrangementet, med heile 12 damer; derav 4 frå Rindal Sanitetsforening og 4 frå Todalen Sanitetsforening.

Generalsekretær Anne-Karin Nygård held foredrag med tittelen «Brikke eller aktør», der ho stilte spørsmålet om organisasjonen per 2012 er attraktiv nok for kommande generasjonar. Det er ikkje til å stikke under ein stol at medlemstalet på landsbasis er synkande, og at den menig mann kanskje ikkje har heilt klart for seg kva Sanitetskvinnene eigentleg gjer i samfunnet Norge. Her bør kanskje nemnast at Norske Kvinners Sanitetsforening gir ut mellom 15 og 20 millionar årleg til forsknings- og utviklingsprosjekter innen kvinnehelse, barn og unge, psykisk helse og osteoporose. Desse pengane kjem stort sett frå alle dei 700 lokalforeningane rundt om i landet, og Todalen Sanitetsforening åleine har dei siste 10 åra bidrege med 125 000 kroner til desse fonda.

Saniteten har kvart år ulike satsingsområde, og i år er vold mot kvinner området det er retta fokus mot. I den anledning omhandl fleire av foredraga naturlegvis dette. Ellers vart det presentasjon av store nyheiter innan merkevara «Fastelavnriset», der nytenking hadde gjeve seg i utslag av nye måtar å profilere denne gamle tradisjonen på. Kanskje vi får sjå eit annerledes fastelavnsris i Todalen i februar òg?

Søndagens siste forelesar og motivator var programleiar Fredrik Skavlan. Han måtte innrømme at han måtte lese seg opp på organisasjonens  innhald og virke. Men var ganske så klar i sin tale då han oppfordra dei 200 damene til å være stolt og glad over eigen og NKS sin innsats sidan 1896.

For å sjå meir om kva NKS driv med, kan du besøke www.sanitetskvinnene.no.

Under er eit lite knippe bilder frå Møre og Romsdal sine utsendingar, blandt anna. Alle foto: ElinorB

Publisert: 27. september 2012, 20:00