Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brannvesenet øver

Brannvesenet øver

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011
At brannvesenet spyler rein plassen framfor ICA Todalen og Talgø Møbelfabrikk er eit sikkert vårteikn. Dei har øving kvar månad for å sjekke utstyret og da tek dei gjerne ein slik jobb for samtidig å gjera noko nyttig. I vinteren løp samles det mykje strøsand rundt asfaltkantane, og dette fører lett til reine sandstormen når det er sterk vind.
Todalen brannlag vart i fjor offer for den kommunale sparekniven, og dermed redusert frå 10 til 6 mann. Dette er nok eit minimum av mannskap for at brannlaget skal kunne fungere på ordentlig vis.
Først publisert: 7. april 2011, 22:00 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:47