Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brannvernveke med spesiell fokus på nattlading

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2016

Open dag på brannstasjonen er ein fin tradisjon i september kvart år. Laurdag opne brannlaget i Todalen dørene til brannstasjonen for både store og små, slik at alle som ville kunne kome og sjå kvar dei held til og sjå kva dei held på med.  I år var fokusen sett på nattlading av telefonar og anna ustyr med oppladbart batteri. Lading av batteri er ei hyppig kjelde til brann, og er difor spesielt farleg om natta – når vi søv.

Anders A. Karlsen og Ivar Bolme viste fram brannbilen som er stasjonert i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var utrykningsleiar Ivar Bolme og brannkonstabel Anders A. Karlsen som var på plass og viste fram utstyret og orienterte om oppgåvene som det lokale brannlaget har.  Brannlaget består av 6 personar her i Todalen, og dei har tilhald i brannstasjonen på Kvennset, der utstyret og brannbilen er plassert.  Men dei driv ikkje berre og sløkkjer brann, – dei har også ansvaret for hjartestartaren og har fått grundig opplæring i bruken av denne. Felles for brann- og hjarteutrykning er at det hastar, og da er det viktig at du er i nærleiken og kan være raskt på pletten. Derfor er det veldig viktig at vi har eit lokalt brannlag, som nettopp kan være raskt på pletten og starte jobben i påvente av forsterkningar utafrå enten det gjeld frå brannvesenet eller frå ambulansetenesta.

brannvernveka_trektering_4922

Mykje å sjå på brannstasjonen. Beredskapgruppa i Todalen sanitetsforening sørga for traktering med nystekte kanelsnurrar og eplekake til kaffen. Foto: Jon Olav Ørsal

Bra er det også at det er høve til å prøve sløkkjeutstyret og sjå korleis det verkar og korleis det skal handterast. No er det ikkje meir enn eit par månader at til julesesongen startar, med mykje brennbare juledekorasjonar og mykje bruk av talglys.  Da er det også viktig å ha nye og friske batteri i brannvarslingsutstyret. Hugs også på at det skal være brannvarslarar i alle etasjar – og at det gjerne skal være seriekopla.

code_4939

Skann coden eller klikk på linken nedafor for å blir med på konkurransen.

I samband med brannvernveka er det laga ein spørrekonkurranse der du kan svare direkte på heimesida, og du kan vinne premiar – den finn du på www.brannvernuka.no

brannvernveka_4935

Inne på brannstasjonen. Her er utstyret til ei kvar tid klart for utrykning! Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 24. september 2016, 15:28