Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brannmenn på besøk i barnehagen

Brannmenn på besøk i barnehagen

Jorunn Nordvik Måndag 23. september 2013

Sist veke var brannvern i fokus ved Todalen barnehage og skule. Kvar haust tek vi tak i temaet i samband med nasjonal brannvernveke. Vi legg vekt på brannsikkerheit. Vi lærer å evakuere om brann skal oppstå, naudnummeret til brannvesenet og så lærer barna kor viktig det er med røykvarslarar i alle rom – og at det er batteri i dei. Vi hadde felles brannøving med skulen, der vi evakuerte bygningane. Høgdepunktet var besøk av den lokale brannbilen!

Tusen takk til Ivar og Ståle som tok seg tid til ei økt med brannbilen saman med oss! Ivar hadde med seg ”Brannvern-buffar” til alle. Trur ikkje det er fare med rekrutteringa, for det var fleire – både gutar og jenter som skal inn i brannvesenet… når dei blir stor…

Bilder frå brannvernveka i barnehagen i Todalen.  Alle foto: Jorunn Nordvik.

Publisert: 23. september 2013, 14:44