Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bøy og tøy på arbeidsplassen i ei travel førjulstid

Jon Olav Ørsal Fredag 27. november 2020

Torsdag føremiddag gjekk vi oss «midt oppi det» på Hageland Surnadal. Midt i butikken var Ann Kristin i full gang med oppvarming av gjengen på Hageland.  Her var det tydeleg at stive skuldrar- og nakkar skulle løysast opp, og det midt på golvet på arbeidsplassen og midt i arbeidstida.

Ann Kristin N. Bruset, som er dagleg leiar på Atleta treningsstudio på Skei, fortel at dei har eit tilbod der instruktøren møter opp på arbeidsplassen for å ha ein gymnastikktime med kyndig rådgjeving –  eller at tilsette kan nytte seg av treningsfasilitetane på senteret. 

Hageland og fleire andre bedrifter i Surnadal som nyttar seg av dette tilbodet, som skal gje tilsette betre arbeidskvalitet og trivsel på arbeidsplassen….

Publisert: 27. november 2020, 06:04