Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bordholmen stadion: – fjerna stubbane i ein fei

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. oktober 2020

Odd Eivind Varnes driv ei litt spesiell verksemd må ein si. Han er dagleg leiar og einaste tilsette i Varnes Drift som driv med fresing av stubbar – selskapet hans er lokalisert til Midsund, der han tek på seg forskjellig arbeid – slik som stubbfresing, snøbrøyting, felling og kapping av tre og mykje anna.  laurdag tok han turen til Todalen for å frese opp dei 13 stubbane som stod att etter at verneskogen utafor fotballbanen var kappa ned for nokre år sia. 

Stubbefresen er ei investering i millionklassen og styres trådlaust med ei fjernbetjening. Foto: Jon Olav Ørsal

Stubbfresen spiser seg gjennom den gamle rotstubben. Foto: Jon OLav Ørsal

Etterpå ser det sånn ut – her er det berre å jamne litt utover og fylle på litt jord – og til slutt litt frø. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars stensby fortel at Todalen IL har vurdert forskjellige måtar å fjerne stubbane på – mellom anna ein kombinasjon av gravemaskin og handmakt som eit alternativ.  Etter at Varnes Drift kom inn i biletet vart det klart at den billigaste og mest effektiv måten å løyse dette på var å bruke stubbfres.  Varnes bruka berre 3-4 timar på å frese opp og fjerne stubbane på Bordholmen.  No står det berre att å bruke riva litt for å jamne utover og så fylle på litt jord og grasfrø før områadet kan takast i bruk til nye aktivitetar. 

Publisert: 31. oktober 2020, 15:50