Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bondelaget på besøk ved Oppvekstsenteret

Bondelaget på besøk ved Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Torsdag 18. februar 2010

I dag serverte Todalen Bondelag førmiddagsmat ved Todalen Oppvekstsenter. Då var alle skule-og barnehageungane samla i gymsalen til eit triveleg måltid. Der vart dei servert kakao, heimlaga steinovnsbaka brød, heimlaga youghurt og mykje anna godt pålegg. Mykje kortreist mat med andre ord.

Bondelaget tok seg av heile arrangementet, med både førebuingar og opprydding.

I tillegg fekk ungane sjå lysbilder frå Palestina, frå då Olaug og Sissel hadde vore på tur dit.

Alle foto av Eivind Bolme

Publisert: 18. februar 2010, 18:52