Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokkveld med bollar, kakao og stor overrasking

Jon Olav Ørsal Måndag 7. november 2016

Måndag kveld var det bokkveld på biblioteket. Det var eit samarbeid mellom biblioteket og oppvekstsentret og fekk god sppslutning frå både store og små. FAO stod for den store overraskinga på bokkvelden….

Bibliotekar Karen Johanne har mange nye bøker å by på. Foto: Jon Olav Ørsal

Det mvar mange typar aktivitet denne kvelden – bibliotekar Karen Johanne Talgø hadde jobba mange og lange kveldar før bokkvelden for å få plass alle dei nye bøkene i hyllene. Ho rapporterte om stor interesse og mange boklån denne kvelden. Elles var det både filmvisning og høgtlesing, og sjølvsagt traktering. Nystekte bollar og varm kakao slår aldri feil og det vart etter kvart kø for å få servering. NordenQuiz stod også på programmet.  Her var det spørsmål frå Norden og om nordisk litteratur, og her gikk Eivind Bolme og Keving Anders Brusethaug seieren med full score i konkurransen.

linek_lesing_6344

Ein plass i fanget og litt lesing om Morris var tingen. Frå venstre Trygve Alexander, Line, Lisa og Jacob. Foto: Jon Olav Ørsal

Den store overraskinga var det FAU (foreldreutvalet) som stod for. Dei overrekte 11 spillflunke nye iPad mini – eit klassesett – til oppvekstsentret. Britt Mossing tok i mot på vegne av oppvekstsentret. FAU har samla inn penger under ymse arrangement på skulen, som no vart bruka til å kjøpe nye iPad mini – tilsaman har skulen 15 stk. Innkjøpet av disse er altså eit spleiselag mellom FAO og oppvekstsentret. Dette er pengar som foreldere, besteforeldere, tanter og onklar har kjøpt lodd for under arrangement i skulen, og som no altså var til noko nyttig.  – Vi er opptekne av at borna våre har gode verktøy og moderne læremidlar, sa Karin Halle.  Vi i skulen er også opptekne av å lære å bruke moderne hjelpemidlar i undervisninga, så dette sette vi umåteleg stor pris på, sa Britt Mossing.

boller_6352

Nystekte bollar frå bestemor Fiske på Røv og varm kakao gjorde susen. Foto: Jon Olav Ørsal

nye-boker_6334

Stort utval i nye bøker på plass biblioteket. Foto: Jon Olav Ørsal

mali-brusethaug_6338

Tospråkleg bildebok for å lære borna kva ting heiter på norsk og på thailandsk fant Mali Brusethaug i hylla. Foto: Jon Olav Ørsal

kveldsmat_6356

Jens, Natalie, Markus og Nils Erik tykte det smaka med bollar og varm kakao i pausen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 7. november 2016, 22:55 - Sist oppdatert: 8. november 2016, 13:00