Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli surnadalsmeister i smærgræt!

Elinor Bolme Sundag 2. juli 2017

Surnadal Sparebank har lange tradisjonar med å støtte lag og foreninger økonomisk, både i form av gavetildeling og sponsing. Dette mangfoldet ønsker dei no å vise fram når dei laurdag 2. september skal feire sin 175 årsdag på Skei.

Banken skal ha ein folkefest for alle som skal bli eit minne for livet, og det er mykje aktivitet som er planlagt fortel Liv Dalsegg i planleggingskomiteen. Ein av aktivitetene som er tenkt er «Surnadalsmesterskap i Bakels&Græt». Her utfordrer no banken alle lokale lag og organisasjoner til å delta.

Program 2. september

Folkefesten starter klokka 15.00. Da blir det eit par timar med aktiviteter i sponsorteltet, musikk fra scena, kaker og kaffe osv.

Kl. 17.00 starter korslaget, som i år er «toppa» med folkekjære artister av nasjonal standard. Sjå Program Surnadal Sparebank sin jubileumsfest.

Smærgrætkonkurranse

Dei foreningane som ønsker å delta i meisterskapet leverer graut og bakels litt før 15.00, og det enkelte bidrag blir nummerert. Banken vil ha ein jury av matmennesker som deretter tek ein blindtest, og gir poeng. Deretter kåres ein vinnar. Vinnaren blir offentliggjort under korslaget, på scena, og premien er 5 000,- rett inn på laget/foreningens konto!

Etter at blindtesten er ferdig, tek alle med godsakene ut i sponsorteltet, og det blir delt ut til dei som vil ha.

Bildet over er det forøvrig Ragnhild Ansnes Moe som står for. Her har ho dekorert helgas smørgrautkomme på imponerande vis.

 

Først publisert: 2. juli 2017, 12:00 - Sist oppdatert: 1. juli 2017, 16:45