Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på kveldstur til Gunnøya

Elinor Bolme Sundag 20. januar 2019

I kveld inviterer Toåa Tursti til fellestur til Gapahuken i Gunnøya. Det meldes om kjempefine forhold for truger helt fra Bønnavollen til Halsabrua. Det blir start ved kyrkja/Bønnavollen klokka 18. Derifrå går turen ned til Gunnøya, og eventuelt vidare til Halsabrua om nokon ønsker det. Det går også an å ta turen andre vegen om nokon heller ønsker det, så møtes ein i Gunnøya.

Har du ikkje truger kan også ski benyttas i samme spora. Todalen IL har scooterproblem, så det vart ikkje oppkjøyrte løyper for ski slik som planlagt. Sidan det er såpass kaldt og stien er forholdsvis godt trappa så kan den nok også vere framkommeleg på føtene, men kanskje litt tyngre.

Ta med huvudlykt, friskt pågangsmot og gode kleder til ein hyggeleg tur.

Publisert: 20. januar 2019, 13:08