Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på biltoget 17. mai

Elinor Bolme Laurdag 16. mai 2020
Tradisjonen tru blir det også i år biltog på 17. mai. Det blir som vanleg oppmøte ved Matkroken. Her vil det vere medlemmar frå årets komité som dirigerer trafikken, slik at flest muleg får plass inne framfor butikken.
 
Det blir ei ekstra markering utanfor butikken før kortesjen med traktoren i front startar, blir det høgtidleg flaggheising, song og korpsmusikk. Flaggheisinga startar kl. 11.00, så møt opp i god tid. Toget går til gamalfabrikken og runden ned rundt bygda igjen. Alle er velkomne til å delta i biltoget, både innabygdes å utabygdes.

Det er i år viktig at alle held seg inne i bilane sine før og under toget. Det blir dessverre ikkje mogeleg for ungane å sitje på traktorhengaren. 

17. maikomiteen oppfordrar alle til å pynte langs vegen for å markere nasjonaldagen vår, og håper dei som ikkje har mogelegheit til å delta i toget vil delta med flagg heimafrå.
Publisert: 16. mai 2020, 08:06