Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Billettane til «Fær hell i mot» går unna…

Billettane til «Fær hell i mot» går unna…

Jon Olav Ørsal Måndag 20. desember 2010

Billettane til julekabareten «Fær hell i mot» går unna. Søndag kveld var det selt over hundre billettar til kveldsframsyninga, medan salget til dagframsyninga var noko mindre.  Underhaldningssjef Svein Åge Saksen er godt nøgd med salget og reknar med at det etter kvart blir to fullsette framsyninger. Han fortel at dei no er i god gjenge med øvingane og at det meste vil kome på plass i løpet av veka.

Saksen røper også at det kjem gjesteartistar til julekabareten. Gøran Bolme frå Rindal skal opptre med ei sjølvskriven vise om todalingane, og den knyttar det seg nok litt spenning til! Elles får vi gjensyn med Nils Egeness frå Surnadal og  vi får høyre Gjermund Moe som Todalens svar på Jan Werner Danielsen.

Elles er den kulinariske menyen til kveldsframsyninga snart klar. Sjefskokk Roaldset har jobbet med å lage ein spennande meny, der du skal finne noko for ein kvar smak. Den kjem vi attende på seinare.

Her kan du laste ned plakaten til julekabareten.

Først publisert: 20. desember 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 19. desember 2010, 23:25