Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Biblioteket startar på måndag 13. januar

Jon Olav Ørsal Sundag 5. januar 2020

Biblioteket i Todalen oppvektsenter blir ope på måndagar også i det nye året.  Første opningsdag blir måndag 13. januar frå kl. 18:00 til kl. 20:00 melder bibliotekar ved filialen i Todalen, Karen Johanne Talgø.

Dermed er biblioteket ikkje ope den første måndagen i 2020 som er den 6. januar.  Vidare utover året vil biblioteket «slå følge» med skulen og ha ope dei måndagane skulen er open.  Dermed er biblioteket stengt i vinterferien og i påskeferien, slik som før.

Publisert: 5. januar 2020, 13:30