Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Basarrekord!

Basarrekord!

Elinor Bolme Tysdag 29. oktober 2013

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sin årlege basar i Sanitetshuset. Med eit litt for lite lokale, nok ein gong, var det til tider varmt og høglytt med besøksrekord frå bygdafolket. Saniteten har vore sterkt frampå siste veke, med ein finger med i spelet på Stememrettsjubileet på Gammelfabrikken torsdag, og damene var derfor overvelda over kor mykje som kom inn etter at dei tok ei opptelling etter trekninga på basaren.

Nesten 51 000 kroner kom inn! Da med tre ulike basarbord, med tilsaman langt over 100 gevinstar og ein del åresalg, som engasjerer i alle aldrar. Det er ei betydeleg auke på nesten 10 000,- frå i fjor. Dei innsamla midlene går til vedlikehald og opprustning av sanitetshuset med 4 utleigeenhetar, samt ulike prosjekt både lokalt og nasjonalt som inngår i den strategiske plana til Norske Kvinners Sanitetsforening.

Under er dei ulike trekningslistene.

Trekningsliste barnebordet 2013

Dagens bord ,Basaren 2013

Hovudbord Basaren 2013

Og eit lite fotogalleri til slutt. Foto: ElinorB

Først publisert: 29. oktober 2013, 02:00 - Sist oppdatert: 28. oktober 2013, 22:46