Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Basarinntekter til nesten 49 000 koner

Elinor Bolme Måndag 5. oktober 2015

Tre bugnande basarbord og eit godt utvalg på kjøkkenet gjorde sitt til at årets basar arrrangert av Todalen Sanitetsforening fekk inn nesten 49  000 kroner i Sanitetshuset i går ettermiddag. Ein solid jobb med å skaffe gevinstar gjorde at alle tre basarbord fekk mykje solgte lodd. Saniteten hadde også i år eit ege «Dagens bord» der det var kun dagens besøkande som tok lodd. Dette gjer at ikkje riktig alle gevinstane går ut på felleslista, som stort sett er vanleg ved slike tilstelningar. Også barnebordet var populært, der det er loddsalg for ungar opp til 12 år som kan vinne.

Bygdafolket er utruleg flinke til å støtte opp om lokale arrangement, så dette er heilt overveldande avslutta leiar i foreninga Maren Ansnes når siste gevinst vart uttrekt. Og det er ikkje til å stikke under ein stol at dei innkomne pengane kjem godt med når ei ny leilighet i sanitetshuset snart må renoverast.

Vi har naturleg vis fått tilsendt trekningslistene frå sekretær May-Elisabet Holten som viser alle heldige vinnarar frå åretss sanitetsbasar:

Under er også nokre bilder frå arrangementet. Beklageleg vis er ikkje alle rett snudd, men nettproblema gjer at det ikkje er rå å få snudd dei. Alle foto ElinorB

 

Først publisert: 5. oktober 2015, 14:15 - Sist oppdatert: 6. oktober 2015, 08:39