Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barn i løypa tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. januar 2022

Tysdag 11. januar frå klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Løypetraseen i lysløypa er preparert og det er gode forhold for å gå på ski, seier rapportane vi har fått. 

Vêrmeldingane for tysdag kveld seier foreløpig at det skal kan bli litt snø med eit par minusgrader. Allereie frå onsdag er det meldt om mildvêr og regn, så dette kan vere siste sjanse til å få tatt seg ein skitur på ei lita stund. 

Barne- og ungdomsgruppa ønskjer alle velkomne på «Barn i løypa»! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 10. januar 2022, 15:28