Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bård og Drengen skapte god stemning på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. august 2017

Konserten i går kveld med Bård og Drengen  – Bård Engh og Terje Kristiansen – vart ein intimkonsert i ordets rette forstand.  Eit tjuetals tilhøyrarar fikk iallfall full utteljing for hundrelappen sin. Bård Engh og Terje Kristiansen klarte å skape ein god og intim atmosfære under  konserten som foregikk i peisestua på Todalshytta.

Bård Engh – trubadur med eit breitt repertoar Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Kristiansen hadde godt lag med gitaren – 50 års erfaring hjelper på! Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to hadde aldre opptredd saman før, men gikk like trøstig på scena etter ei treningsøkt på eit kvarter.  Men dyktige artister har ikkje problem med å finne tråden i musikken, og Terje har 50 års erfaring med gitaren – det hjelper på!  Og det fikk vi da også høre, og det fungerte under heile konserten.  Dei to framførte eit allsidig program som spente frå Lillebjørn Nilssen i starten og vidare via irske folketoner til Evert Taube, Bellmann, Beatles, Ulf Lundell, Cornelis Vreeswijk, Trond Granlund, Creedence og eigne låter.

I det heiletatt ein triveleg konsertkveld med 2 timer song og musikk med både artistar og publikum i godlynne. 

Terje og Bård hadde aldre spilt saman tidlegare – for høvet danna dei gruppa «Bård og Drengen». Imponerande kva dei fikk til med berre eit kvarters øving. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. august 2017, 10:16