Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Banerekord, igjen!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

Redaksjonen har motteke nok eit bevis på ny banerekord på frisbeegolfen på Bordholmen. Ingen tvil om at dette engasjerer dei som driv med sporten, da det denne gongen er ein surnadaling som har sendt oss eit bilde av sin runde.  Ove Nortun har dermed rekorden på 21 kast.

frisbeegolf

Her er «beviset» på nok ein banerekord. No er vi nede i 21 kast på 9 korger.

Vi spurte Ove Nortun om korleis banen er i forhold til andre banar, og han meiner banen er ein meget fin introbane til sporten. Generelt sett er den i det enklaste laget, men absolutt fin til rekrutering.
Om noken føler for meir utfordring, eller berre prøve seg på ein annen bane så anbefaler han banen til Surnadal Frisbeegolf. Denne banen er ein 18 hulls bane på som ligg på Øye i Surnadal. Banekart og kontaktinfo finner man på deira facebook side: Surnadal Frisbeeklubb.
Sjå også Trollheimsporten sin omtale av denne: Surnadals første discgolfpark
Mvh
Ove Nortun
Publisert: 13. august 2016, 11:56