Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bailldag med full trøkk

Bailldag med full trøkk

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juli 2013

Tysdagens bailldag på Todalshytta ga full trøkk på kjøkkenet heile ettermiddagen, og det er tydeleg at potetballen til Åse er populær kost. Etter at ho gikk tom for potetball forrige tysdag, hadde ho sikra seg på at det skulle bli nok til alle denne tysdagen. Og nok vart det, men det var skikkeleg trøkk utover dagen, fortel Åse Grydeland Øyen, som er vertinne på Todalshytta.

Åse driv no Todalshytta på 11. året, og bailldagane på tysdag har hengt med alle disse åra og ser ut til å bli meir populære for kvart år som går. Tydeleg at dette er furkunnmat for folk. Populær er også laurdagsmenyen med rømmegraut og spekemat, som også har vore med heile tida.

Det har vore mykje fokus på været og liten trafikk i fjellet for mange av turisthyttene, men Todalshytta held koken, og har omtrent like mange overnattinger som rekordåret i fjor. Åse er godt nøgd så langt i sesongen. Flertalet av overnattingsgjestar på Todalshytta er laksefiskarar, og dei har ikkje svika i år heller, sjølv om det var tidleg vårløysing og lite vassføring etter fiskestarten. I tillegg har Todalshytta mange dagturistar, som nyttar seg av middagstilbudet, eller som stikk innom for ein kaffekopp.

Bildegalleri frå tysdagens bailldag på Todalshytta.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. juli 2013, 11:34 - Sist oppdatert: 18. juli 2013, 07:40