Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avslutta veka med kunstutstilling

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. januar 2017

Fredag ettermiddag var barnehageungane og elevane ved Todalen oppvekstsenter inviterte på kunstutstilling i Gammelskulen. Det var Skulstuå i Todalen som stod for arrangementet, og kunstnaren sjølv, Sissel Halset Storslett, viste fram bileta sine.

Først ute på kunstutstilling var elevane i «småskulen», her er dei lag med kunstnar Sissel. Foto: Dordi J H

Det var ikkje vernissasje, men likevel fekk gjestene servering, rett nok ikkje champagne, men partybrus. Litt å bite var det og: ost, tomat, gulrot og pannekaker med smør og sukker – godbitar som fall i smak.

Stor stas med servering. Her er det barnehageungar som forsyner seg. Foto: Dordi J H

Sissel fortalde litt både om bilete og teknikk. Ho målar på lerret og bruker akrylmåling. For det første er det da lite arbeid med å vaske kostar, og ho kan lett endre på bileta sine til ho er fornøgd, målinga tørkar fort. Ofte målar ho mange bilete på same lerretet før ho synest det er bra, – spennande. Og det kan nok hende at eit fint bilete da blir borte, men det er sjeldan ho angrar på overmåling, etter det ho fortalde.

Elevane i «storskulen» – kanskje fekk dei idear til eigne måleri. Elles gledde dei seg til kvelden da dei skulle til Stangvik skule på nyttårsball. Foto: Dordi J H

Sissel og ungar frå barnehagen. Foto: Dordi J H

Ho viste fram eit bilete som ho ikkje er ferdig med, ho lova å kome att og vise det fram når det blir ferdig.

Ungane syntest det var kjekt å sjå på bileta, fleire lika godt «Say hello to the fish» – og mange hadde god greie på at dama her helsar på ein torsk.

«Say hello to the fish». Måleri av Sissel halset Storslett.

Dette måleriet er under arbeid. Kunstnaren lova at vi skal få sjå det ferdige produktet ein gong …. Foto: Dordi J H

Publisert: 27. januar 2017, 19:37