Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Avisene skal fram kvar laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. februar 2019

På laurdagar er det alternativ distribusjon på aviser, og da er det Tedros Haile som har jobben med å distribuere avisene i Todalen.  Det har han gjort eit år no, og han trives godt med den jobben, som han for øvrig utfører for distributørselskapet Easy2you.

Tedros er opprinneleg frå Eritrea, men har no budd i Norge i 5 år – dei siste 3 åra i Surnadal.  Tedros snakkar godt norsk, og han fortel at han har mange forskjellige aviser i sin portefølje, men alle har det til felles at dei kjem ut eller blir distribuert på laurdagar. Litt spennande er det nok å ferdes på det norske vinterføret, men det har gått bra så langt, fortel Tedros, som vi trefte på hans runde rundt bygda med dagens aviser. 

 

Publisert: 16. februar 2019, 13:26