Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte unnagjort på rekordtid

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2019

Det er faktisk 195 betalande medlemar i Todalen historielag.  Mellom 30 og 40 av dei deltok på lagets årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld, og det er jammen bra når ein samanliknar med andre lag og organisasjonar.  Todalen historielag er aktivt gjennom heile året, og aktiviserer mange i arbeidet med å samle og sikre bygdehistoria vår. 

Gjennom året er det mange arrangement og mange aktivitetar som laget arrangerer for medlemane og andre interessert. Vi kan nemne Ettermiddagskaffen på etterjulsvinteren med historisk tema, filmkveldar med tema og isning av eldre filmopptak, historiske vandringar rundt om kring i bygda, turar til andre plassar med historiske tema og ikkje minst det årlege årsskriftet med 70-80 sider med dokumentert lokalhistoria både frå ny og gammel tid.

Mange gamle bilder frå historielaget bildearkiv vart vist fram. Det er heilt utruleg kor mykje informasjon som kjem fram når ein viser bilder på denne måten. Foto: Jon Olav Ørsal

Rekneskapet viste ein bitteliten minus for siste året, men laget har eit godt økonomisk fundament som gir økonomisk tryggheit for historielaget.  Stabilitet er det også i styret, der alle som var på val tok på ein ny periode. Styret består i dag av John Moe som leiar, Dordi J. Halle som nestleiar, Sven Olav Svinvik som kasserar, Wenche Kvendset som sekretær og svein Åge Saksen som styremedlem. Leiar John Moe var glad for at alle tok på ein ny periode, for denne gjengen arbeider veldig godt i lag.

Det var lufta litt om programmet vidare i inneværande år. I mai blir det kulturvandring, som i år er lagt til Småland og Hysbygrenda, med kaffelag i Bekkerhagan. Det skjer laurdag 1. juni etter noværande plan. Vidare blir det tur i løpet av juni. Det skjer i samarbeid med Stangvik historielag og turen går i år uti fysnin – med Torjulvågen som eit av måla og Rena Bruk som andre mål.

Elles vart det servert solid kveldsmat til heile gjengen og det vart ein lang pause med mange ein historisk diskusjon rundt borda. Etter at både årsmøte og kveldsmat var ferdig vart det lysbildevisning, der skannerpatrulja med Ragnhild og Ingri viste gamle bilder med både hus, folk og hendingar som er teke vare på og digitalisert i historielagets bildearkiv.

Publisert: 20. mars 2019, 22:41