Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte med god avstand til kvarandre

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mai 2020

Onsdag kveld avvikla Todalen.no sitt årsmøte som har vore utsett sia 2020.  Ta det som eit teikn på at aktivitetane i bygdelivet er i ferd med å kome i gang att, og leiar Stig Husby presiserte at årsmøtet er arrangert i samråd med kommunelegen – med 2 meters avstand til kvarandre og flaska med desinfeksjonssprit ved inngangsdøra. 

Det var ingen stor hop som deltok på årsmøtet, og det årsmøtesakene gikk raskt unna, med Stig Husby som møteleiar. Resultatet er betra frå 2018 til 2019 frå eit lite underskot til eit lite overskot. Laget har i dag 60 medlemar – 35 komersielle (bedrifter) og 25 lag og organisasjonar, noko som har vore nokonlunde stabilt dei siste åra. I tillegg er det 240 betalande støttemedlemar  – som gjerne kunna vore fleire.  

Som sagt held både styreleiar Stig Husby og resten av styret fram eit år til:  Styret er i dag samansett slik:
Styreleiar: Stig Husby
Nestleiar: Jo Gjeldnes
Styremedlem: Mari B. Redalen (Redaksjon)
Styremedlem: Karin Åsbø
Styremedlem: Elinor Bolme (Redaksjon)
Styremedlem: Sondre Halset (Regnskap

Styret presenterte litt statistikk frå drifta, og sidan starten i 2009 har nettsida hatt tilsaman 3.758.000 besøk på sida sia starten. I same perioden har det vore 616.740 unike besøkande og 7.771.000 sidevisninger. Og besøkstala berre fortsett å auke også i 2020. Litt artig er det også å sjå at heile 79% av besøka i dag foregår frå mobile einingar – mobiltelefonar og nettbrett, medan dette utgjorde berre 0,1 % i 2009. 

Ingri bruset gikk til topps i konkurransen – dagens bilete. Motivet har ho kalla «Juli kveld på Kårvatn». Foto: Mari Redalen

Vinnar av årets bilete for 2019 har tidlegare vore offentleggjort på årsmøtet.  På grunn av Koronakrisa har dette vore kunngjort og premie utdelt, og denne gongen var det Ingri Bruset som danka ut alle konkurrentane og gikk til topps med biletet «Juli kveld på Kårvatn».

Publisert: 13. mai 2020, 21:09