Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. februar 2016

Hundreåringen Todalen sanitetsforening avvikla årsmøtet sitt i Sanitetshuset 2. februar. Årsmelding og rekneskap syner at laget har stor aktivitet.

I årsmeldinga kan vi mellom anna lese om desse tiltaka:

  • Pussa opp ein av bustadene i Sanitetshuset
  • Delteke på den landsomfattande «Raud knapp»-aksjonen – stopp vald mot kvinner
  • Fadder for ei sanitetsforeining i Etiopia
  • Aksjon RUSS 2015
  • Sendt klede og julegåver til Estland
  • Arrangert førstehjelpskurs
  • Sanitetsveka – tema: «Skjønnhetstyranniet» – arrangement for ungdomsskuleelevane i Halsa og Surnadal og ope folkemøte
  • Strikkekaffe – sist haust støtta dei aksjonen «Strikk ein varm velkomst» – varme klede for flyktningar
  • Omsorgsberedskapsgruppa arrangerte ope møte med fokus på beredskap i bygda i krisesituasjonar

Årsmeldinga viser og at foreninga har hatt mange samarbeidspartnarar i året som gjekk når det gjeld ulike tiltak og arrangement: Frivillige lag og organisasjonar i Todalen, NKS Møre og Romsdal, Torvik sanitetsforening, Øvre Surnadal sanitetsforening, sanitetsforeningar i Halsa og Rindal, Surnadal ungdomsskule, Surnadal vidaregåande skule, Surnadal sparebank, Surnadal kommune. Leiar Maren Ansnes poengterer at samarbeid er viktig for å drive godt og nyttig arbeid i lokalsamfunnet.

Rekneskapen syner mellom anna at dei har fått inn vel 87 000kroner på loddsal, og at utgiftene til drift av Sanitetshuset er vel 200 000 kroner. Økonomien i laget er god.

Årsmøtet vedtok samrøystes forslag frå styret om å bygge to garasjar i tilknytning til Sanitetshuset og delta i NKS sitt prosjekt: Ny giv – Organisasjonsutvikling og verving (prøveprosjekt 2016 – 2020).

IMG_7720

Sanitetskvinner samla til årsmøte: Fremst frå venstre: Åse Johanne Ville Redalen, Ragnhild Ansnes Moe, Marit Sanden Søyset. På stolane sit frå venstre: Jorunn Ness, Jenny Kvendset, Marit Kalseth, May-Elisabeth Holten. Bak frå venstre: Lovise Jørgensen, Elinor Bolme, Synnøve Hole Talgø, Jorunn Gislaug Ørsal, Sigrun Ørsal, Kristine Saksen Ulvund, Karen Johanne Talgø, Maren Ansnes, Dordi Vatn Hals, Anne Helene Teilgård Halset, Liv Larsen. Foto: Dordi J.H.

Valget gjekk raskt unna da det vart få utskiftingar i styre og stell. Leiar Maren Ansnes og heile styret held fram, men Synnøve Hole Talgø gjekk ut av husstyret, og ny medlem her vart Marit Sanden Søyset. Karen Johanne Talgø vart ny medlem i omsorgsberedskapsgruppa.

IMG_7725

Kveldsmat: grove rundstykke, bollar, moltefromasj, strull, kakao og kaffe – nydeleg! Foto: Dordi J.H.

Etter årsmøtet vart det medlemsmøte der leiaren orienterte litt om jubileumsfeiringa i april,og så takka ho Lovise og Bernt Jørgensen for to riktig fine gevinstar til hovedbasaren til hausten: kiststol og gyngehest.

Til slutt vart det god kveldsmat og utlodding, og møtet både starta og avslutta med song. Todalen sanitetsforening er flink til både å engasjere seg i nye og aktuelle saker, samstundes som dei tek vare på gode tradisjonar og grunnsynet i organisasjonen. Siste nytt er at dei no er å finna på Facebook!

IMG_7733

Vertinner for kvelden var Sigrun Ørsal ( til venstre) og Åse Johanne ViIle Redalen.Foto: Dordi J.H.

 

 

Publisert: 3. februar 2016, 14:30