Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i NKS Møre og Romsdal – Elinor Bolme held fram som leiar

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2016

Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over  60 engasjerte sanitetskvinner frå  vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet  i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.

Elinor Bolme frå Todalen vart samrøystes attvald som leiar for to år. «Ho fekk trampeklapp!» fortel Maren Ansnes. Dei andre i styret er: Eva Refsnæs, Molde, Solbjørg V. Naalsund, Straumsnes, Heidi Wingsternes, Hareid,  Marianne Sørfonden, Kristiansund og Perly Lise Pedersen, Hasund og Sundgot. Varamedlemmer: Janne Aklestad, Marit Hjertviksten og Tonje S. Stene.

IMG_7605

Årsmøte i NKS Møre og Romsdal. Foto: Elinor Bolme.

Ei viktig sak på årsmøtet var «Snu trenden – 50 000 medlemmer til 2020!» Medlemstalet til NKS har gått jamt nedover, men i 2015 stabiliserte medlemstalet seg for første gong på 40 år. No set dei alle klutar til for å skape ny giv og nytenking i heile organisasjonen under mottoet: «120 år – Nytenkende og modige!» – og målet er 10 000 nye medlemmer på fire år! «NKS er landets største kvinneorganisasjonen, men vi treng fleire medlemmer for å ha større styrke til å gjennomføre det  viktige arbeidet vi har å gjere for barn og unge, kvinner og eldre,» seier Maren. Denne veka er det aksjon «Russ 2016» eit samarbeidsprosjekt mellom sanitetsforeiningane i kommunen, Surnadal sparebank, politi, helsesøster, SMISO med fleire. Målet er å førebygge rusrelaterte overgrep i russetida.

Maren Ansnes fortel at lokallaga rundt her fekk ros av generalsekretær Grete Herlofson i NKS for stort engasjement og for å vere flinke til å samarbeide. Sanitetsforeiningane i Surnadal og Rindal vil intensivere samarbeidet sitt og arbeide for å synleggjere seg i nærmiljøet. Kanskje dei blir å finne på stand både på Øradagane, Todalsdagen, Laksefestivalen og Torgdagar ( i Rindal) utover sommaren.

Publisert: 25. april 2016, 21:35