Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årsmøte i Start 4H

Årsmøte i Start 4H

Elinor Bolme Fredag 30. oktober 2009

Fredag kveld var det årsmøte i Start 4H. Då vart det valgt nytt styre i klubben som trer i kraft etter haustfesten på søndag. Endre Talgø vart einstemmig valgt til ny leiar, medan Ida Talgø Roaldset vart ny nestleiar. Resten av styret vart med Kristine Svinvik, Marte Talgø, Emma Saksen Ulvund, Olav Mogstad og Astrid Longva Kvendset.

Møtet var kort og effektivt for dei få frammøtte skulle heim og avslutte årets prosjekt som skal vere ferdige til i morgon.

Søndag er det som kjent haustfest der alle i Start 4H stiller ut sine prosjekt for godkjenning. Då er det berre å møte opp til ein sosial kveld i lag med mykje fager ungdom.

Først publisert: 30. oktober 2009, 21:16 - Sist oppdatert: 28. juni 2010, 04:28