Todalen Sokneråd Arkiv

Side 1 av 512345»

Fin konfirmasjonsdag


Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert


Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.

Storveies dugnad


Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.

I kveld: Dugnad på kyrkjegarden


Tysdag kveld 24. april er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokreråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. [...]

Gudstenesta vart i kyrkja


Gudstenesta 2. påskedag var tillyst som friluftsgudsteneste på Haugligardane, men vart flytta til kyrkja på grunn av føreforholda. Stort snøfall både før påske og i påskedagane gjorde at området på Haugligardane var lite egna for føremålet, og dermed var det nok bra at den vart flytta under tak. Men det vart ei fin gudsteneste i kyrkja, der Todalskoret deltok med korsong. Tema for dagen var sjølvsagt påskebudskapet og det var vikarprest Leif Erik Grutle som forretta.

Gudstenesta blir i kyrkja!


Todalen sokneråd melder i kveld friluftsgudstenesta som skulle vore på Haugligardane blir flytta til kyrkja,  til oppsett tid kl 12.00. Det er i løpet av påska kome mykje snø og det har gjort at det er ugunstige forhold på Haugligardane.  Alle er velkomne til Todalen kyrkje til gudsteneste 2. påskedag!

Ringte inn påskehøgtida


Påskeaftan blir påskehøgtida ringt inn ved kyrkjene landet rundt. Todalen kyrkje er ikkje noko unnatak, og mellom kl 17 og 18 var det god klang i klokka i kyrkjetårnet. Det var som vanleg Kristen Bruset som sørgja for at det var lyd i kyrkjeklokkene ved Todalen kyrkje.

Todalen kyrkje i påska 2012


Todalen sokneråd minner om aktivitetane i påska 2012. i Todalen kyrkje er det kveldsgudsteneste skjærtorsdag kveld kl 19.30. Da er det nattverd. Seinare i påska er det friluftsgudsteneste på Haugligardane, 2. påskedag kl 12.00. Her deltek også Todalskoret og Trimgruppa i Todalen I.L. sørgjer for litt grillkos etter gudstenesta. Dersom det blir dårleg vær blir [...]

Innsamlingsaksjonen – kjempebra resultat!


På eit par kveldstimar samla dei fire konfirmantane inn heile 9.389 kroner til Kirkens nødhjelp. Dei kunne rapportere stor givarvilje og vart tekne godt i mot når dei kom på døra rundt bygda. Etter at innsamlingsaksjonen var ferdig var det oppteljing i kyrkja, og traktering til både sjåførar og pengesamlarar. På menyen stor kaffe eller kakao og nystekte bollar til heile gjengen. Flott innsats!

I kveld får alle besøk!


Da kjem nemleg Ã¥rets konfirmantar heim til alle i Todalen, frÃ¥ Svinvika til KÃ¥rvatn med innsamlingsbøssene sine. Dei deltek nemleg i den Ã¥rlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Saman med foreldre og medlemane i soknerÃ¥det som sjÃ¥førar vil dei altsÃ¥ trÃ¥le heile bygda, og da gjelder det Ã¥ “gje sÃ¥ det svir”. Ved Ã¥ gje [...]

Ha kontantane klare


Det oppfordrar diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal nÃ¥r Ã¥rets konfirmantar og andre frivillige kjem med børsene under fasteaksjonen. – Ved Ã¥ gje di gÃ¥ve er du med pÃ¥ eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv! Tirsdag 27. mars er den Ã¥rlege, landsomfattande fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.

Triveleg men utradisjonell songkveld


Salmeskatt i Jeans og bunad hadde dirigent Bernt Bøe kalla songkvelden i Todalen kyrkje onsdag kveld. Og med det signaliserte han ein stor variasjon i programmet, der korsongen nok dominerte på denne songkvelden. Den var eit samarbeid mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men programmet var krydra med både deklamasjon, solosong og orgelmusikk, og spente frå tangorytmer til Bach-koral, ispedd både allsong, folketonar og klassisk.

Medlemmar

Surnadal Sparebank
Todalen Historielag
Todalen Brygge
Surnadal Pensjonistlag
Trollheimsporten
Todalen Småbåtforening
Svorka
Todalen Sokneråd
Vårsøg Hotell
Viastua Gardsprodukt
MPs hjemmebakeri
Søya og Todalen Skytterlag
Surnadal Kommune
IL Søya
AMFI Surnadal
Skulstuå i Todalen
Rossåa Settefiskanlegg
Todalen Sanitetsforening
Norsk Laksefestival
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Sparebank1 Midt-Norge
Skogkompaniet
Godt mot, Todalen
Todalen Elveeigarlag
Todalen Idrettslag
Norsk Vandrefestival
Kårvatn Fjellutstyr
AMFI Kreativ
Start 4H
Surnadal Lastebil Verksted AS
Driva
Todalen Bondelag
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Gjensidige Surnadal
Surnadal Kulturhus
Surnadal Regnskap AS
Eldremiddagen
Kombi Regnskap
Surnadal Trenings- og Velværesenter
ICA Todalen
Nordvik Grendalag
Todalshytta
Talgø Møbelfabrikk AS

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør