Todalen Sanitetsforening Arkiv

Side 1 av 612345»...Siste »

Fotterapi


Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Marit Sanden Søyset. Denne gangen er de oppsatte dagene som følger: tirsdag 29. mai, torsdag 31. mai og mandag 4. juni. Det er fortsatt fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.

Klart til konfirmasjon


I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort [...]

I desse dugnadstider…


Leiar i Todalen Sanitetsforening, Åse Ville Redalen opplyser at det førstkommande onsdag kl 17, og utover blir det arrangert dugnad også i Sanitetshuset. Her er det fliing til vår og konfirmasjonstid som står for døra, samtidig som at alle dei 120 sekkjane med innsamla kleder blir henta denne kvelden. Ta med river og godt humør! Enkel servering.

Saniteten på besøk i skulen


I dag fekk elevane i Todalen oppvekstsenter besøk frå Todalen Sanitetsforening. Leiar Åse Ville Redalen fortalde at dei hadde eit ønske om å gi noko til barna på skulen og i barnehagen. Dei hadde kjøpt inn refleksvestar som barna kan bruke når dei skal på tur langs vegen. Elevane tykte dette var kjekt, og kunne mest ikkje vente med å prøve dei.

Samla inn over 120 sekkar med klær


For 5. året på rad driv Todalen sanitetsforeing innsamling av klær til Estland, og gjevarane svika ikkje denne gongen heller, for det kom inn over 120 store svarte søppelsekkar som var fulle av klær til innsamlinga laurdag. Sanitetskvinnene som administrerte innsamlinga hadde full opp med mottaket og sjølvsagt servering av kaffe til alle som var innom. Fenomenal respons seier Åse Ville Redalen som er ledar for Todalen sanitetsforening.

Klesinnsamling 14. april


Todalen Sanitetsforening vil også i år arrangere klesinnsaamling til Estland. Datoen for dette har no vorte satt til laurdag 14. april frå klokka 10 til 14. I år er det 5. året saniteten arrangerer dette, og vil som før gå i samarbeid med Estlandsforeninga. Dette har tidlegare år vore veldig populært, med delegasjonar både frå Nordvik, Kvanne og Surnadal.

Meir utbredd enn vi trur?


Onsdag kveld var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldreog andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011.

Rusmøte- det angÃ¥r ogsÃ¥ deg…


Onsdag 28. mars inviterer FAU ved Todalen Oppvekstsenter saman med Todalen Sanitetsforening til informasjonsmøte om ungdom og rus. Saniteten har hatt i fleire Ã¥r hatt ønske om Ã¥ informera om dette til “nye” foreldre og besteforeldre sidan det no er sÃ¥pass mange Ã¥r sidan det var arrangert eit tilsvarande møte sist. Dei tok difor kontakt med FAU for Ã¥ høyra om dei kunne vera interesserte i eit samarbeid.

Fotterapi


Fredag 2. mars kjem fotterapeut Olaug Bergem Aspill til Sanitetshuset for ein ny runde med fotterapi. Ho kjem også etter helga; mandag 5. og tysdag 6. For bestilling ta kontakt med Marit Sanden Søyset på telefon 71 66 39 28 eller 980 36 391. Fredag er tidene frå 10.30 til 15.30. Mandag og tirsdag frå 10 til15.

Sosial strikkekafe


Kvar 14. dag er det strikkekafe i Sanitetshuset. Det er Todalen Sanitetsforening som står attafor og er arrangør, og jobben med å vera vertskap og kaffekokar går på omgang mellom medlemane i foreninga. Kari Kvendset var vert denne dagen, og ho fortalte at sjølv om det heiter strikkekafe treng du sltt ikkje ha med strikketøy eller anna [...]

Fastelaven


I helga er det fastelaven, og som vanleg har Todalen Sanitetsforening laga opp ein heil del fastelavensris som dei i løpet av helga selger på Ica Nær, Todalen. Ein tradisjon som Norske Kvinners Sanitetsforening starta opp med i 1946 og som har heldt seg sia. Som de ser av bildet er det alltid god stemning [...]

Ny kunst for utlodning


Todalen Sanitetsforening har ogsÃ¥ i Ã¥r investert i eit nytt kunstverk som dei kjem til Ã¥ selgja lodd pÃ¥ i løpet av 2012. OgsÃ¥ denne gongen støttar dei opp om vÃ¥re “eigne” kunstnanrar her i Todalen. I fjor var kunstnaren Elisabeth Aas, medan det i Ã¥r er Ingun Redalen White som vart valdt. Bildet heiter “Death by Dior” og er pÃ¥ 50×50 cm.

Medlemmar

Todalen Sanitetsforening
Eldremiddagen
Talgø Møbelfabrikk AS
Todalen Brygge
MPs hjemmebakeri
Skogkompaniet
Sparebank1 Midt-Norge
Todalen Sokneråd
Norsk Vandrefestival
Todalen Idrettslag
Todalen Historielag
Vårsøg Hotell
Todalshytta
Start 4H
Surnadal Regnskap AS
Surnadal Kommune
AMFI Kreativ
Driva
AMFI Surnadal
Todalen Småbåtforening
Surnadal Sparebank
Nordvik Grendalag
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Norsk Laksefestival
Viastua Gardsprodukt
Søya og Todalen Skytterlag
Todalen Elveeigarlag
Trollheimsporten
Godt mot, Todalen
Kombi Regnskap
Todalen Bondelag
Svorka
IL Søya
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Surnadal Lastebil Verksted AS
Kårvatn Fjellutstyr
Skulstuå i Todalen
Gjensidige Surnadal
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Surnadal Kulturhus
ICA Todalen
Rossåa Settefiskanlegg
Surnadal Pensjonistlag

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør