Todalen Idrettslag Arkiv
Heile bygda på frokost
Fotballgruppa inviterte heile bygda pÃ¥ frokost i Ungdomshuset – og bygdafolket dei kom! Det var iallfall 148 som fikk servert frokost i Todalen undomshus pÃ¥ 17. mai, og det var dekt opp bÃ¥de i storsalen, scena og pÃ¥ galleriet. Det var dekt opp eit rikhaldig frokostbord i maltsalen, med masser av pÃ¥legg, drikke og bÃ¥de hardkoka og blautkoka egg. Det var som sagt fotballgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør, og frokostarrangementet var flytta frÃ¥ Bordholmen til Ungdomshuset pÃ¥ grunn av utrygge vêrforhold. Det hadde nok vorte surt med frokost under open himmel pÃ¥ Bordholmen denne dagen.
Frokost rett etter biltoget
Fotballgruppa melder om en korreksjon i forhold til publisert plakat angående frokosten 17. mai. Den vil bli rett etter biltoget som starter fra L Hals 9.30., og ikkje kl 11 som de har oppgitt tidlegare. Enten på Bordholmen, eller i Ungdomshuset. Dette får vi vel en pekepinn på i morgentimene i morgen.
17. mai i år og
Også i år blir det arrangert tradisjonell 17. mai i Todalen. Biltog blir det som vanleg frå L Hals/Matkroken før det blir felles frokost for heile bygda etterpå. Blir veret utverande blir den arrangert ute på Bordholmen, men blir det ruskever tek fotballgruppa og flyttar arrangementet inn til Ungdomshuset.
Halsa tok 3 poeng på Bordholmen!
Seriekampen mellom Todalen/Søya og Halsa/Valsøyfjord vart ein kald fornøyelse i knappe 5 varmegrader og kald vind på Bordholmen fredag kveld. I ein elles jamn kamp vart Halsa/Valsøyfjord litt for drøy kost for Todalen/Søyas A-lag,  der sluttresultatet vart 0-2 . Etter ein mållaus førsteomgang, tok Halsa leiinga litt ut i andreomgangen, og la på til 0-2 på [...]
A-lagskamp i kveld
I kveld møter Søya/Todalen sitt A-lag Halsa/Valsøyfjord til lokaloppgjør på Bordholmen stadion Det er nokre år sidan sist det har vore spela A-lagsfotball her no, så dette er ein kamp det kan væra verd å få med seg.
Foballane rullar for fullt!
Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.
Uavgjort i lokaloppgjøret
Onsdag kveld var det lokaloppgjør av beste sort på Bordholme. Då møttest Todalen/Kvass/Ulvungen/Søya og Surnadal i seiekamp for G19 klassen. Det var ein forholdsvis jamnspela kamp, der begge laga dominerte i kvar sine periodar. Stillinga etter første omgang vart 1-1, med målscorarar Andreas Dalsegg Sæther på 0-1 og Fredrikk Aasprong på 1-1. Dette held seg til dommaren bles av etter neste 45 minutt. Begge lag hadde sjansar til å avgjerde til sin fordel, der blandt anna keeper for heimelaget hadde ei fantastisk redning mot slutten.
Trimbasar ga over 22.000 – oppdatert
Den felles basaren for Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa søndag ga ei bruttoinntekt på over 22.000. Det er veldig bra og komiteen fortel at det er spesielt førehandssalet som har vore heilt eventyrleg. I kollisjon med fotballkampen på Bordholmen og det fine søndagsværet så vart det ikkje så mykje folk på basaren i Ungdomshuset. Hovudgevinsten på basaren som var eit gåvekort frå Kårvatn Fjellutstyr, som gikk til Hegernesset
Sesongstart på Bordholmen
Den aller første fotballkampen på Bordholmen bekreftar at noer vinteren over og det er vår. Dagens kamp var ein privatkamp mellom Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen (G19) og Søya-Todalen (A-laget). Her var det ungdommane (G19) som trekte det lengste strået og vann 2-0 over A-laget. Første omgang var det lite som skjedde, og det var knappast nokre skot mot mål. Men [...]
Grønsåpelukt i klubbhuset
Med kvinneleg ledar både i hovudstyret og i fotballstyret i Todalen I.L. er det naturleg at det vart sett prioritet på rundtvask i klubbhuset på Bordholmen. Torsdag kveld samla dei både hovudstyret og fotballstyret til dugnad, og da vart det fart i sakene. Det vart rydda og brent, og heile klubbhuset vart reingjort frå gulv til tak. Og før dei ga seg var det grønsåpelukt over heile huset.
Campingdrifta sommaren 2012
Todalen IL vil også i år legge til rette for at det blir mulig å campe i Todalen. Nytt av året er at dei har fått 3 spreke pensjonister som campingverter; Nils Øyen, Gudmund I Kvendset og Eivind Grønmyr.
Som tidligere blir området ved Bordholmen (idrettsplassen) brukt til formålet. Av fasiliteter knyttet til campingplassen er: 1 fryser (til nedfrysing av eventuell fangst i Toåa??), 1 dusj og 1 wc.
Søndag: Trimbasar i Ungdomshuset
Søndag 22. april mellom kl 15-18 er det storstila basar i Ungdomshuset. Det er Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa som har sin årlege basar med stort basarbord, der gåvekort på Kårvatn Fjellustyr er hovudgevinsten. Elles er det utdeling av utmerkingar frå både ski- og trimaktivitetar som startar ca kl 17. Det gjeld både skimerke, friidrettsmerke og premiering [...]
Søk i våre arkiv
Hvis du leiter etter noko spesielt på sida vår, kan du prøve eit søk! Skriv kva du søkjer etter, og trykk Enter.
Logg inn som redaktør





































