Todalen Historielag Arkiv
Bra aktivitet i Todalen Historielag
Historielaget gjorde fort unna årsmøtet søndag ettermiddag. Det var ingen brennbare saker, og årsmelding, rekneskap og val gikk unna i ein fei. Årsmeldinga gjenspeila at det hadde vore stor aktivitet i laget, som hadde laga både årsskrift for laget og jubileumsskrift for Todalen kyrkje. I tillegg hadde dei arrangert museumsdag, historisk vandring på Todaløra og arbeid med den nye bygdeboka som dei vikigaste sakene. Rekneskapen gikk akkurat i balans for 2011, men laget har ein god og sunn økonomi, konkluderte John Moe som var møteledar.
I dag: Todalen historielag – Ã¥rsmøte
Det skjer i Todalen ungdomshus søndag 11. mars kl 14.00. Forutan vanlege årsmøtesaker er det forslag til nye vedtekter for godkjenning i Brønnøysundregisteret. Til underhaldning vil Svein Åge Saksen kåsere om industrihistoriske utviklingstrekk i Noreg frå 1500-2000. Han viser mellom anna filmklipp om vasskraft i Oppdal, oppgangssag frå Lesja og frå verdas største vasshjul i [...]
Interessant historiedag med bokslepp
Todalen historielag hadde søndag sitt tradisjonelle bokslepp, der dei presenterte det nye årsskriftet for 2011 og hadde spedd på med kunstutstilling og visning av gamle smalfilmopptak etter Berta og Magnor Haltbakk. Et 60-tals interesserte trossa snøslapsen og kom til ungdomshuset for å sjå og høyre, og for kjøpe det nye årsskriftet.
Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011
Det nye årsskriftet er klart for å leggjast ut for salg. Det skjer søndag 27. november, mellom 12.30 og 15.30 i Todalen Ungdomshus. I tilknyting til lanseringa er det laga ei lita utstilling med måleri, akvarellar og teikningar som Margrete Halle Anthonsen (Skogly) har laga. Det vil også bli vist smalfilm fra midten av 60-talet. Det er Anders Talgø som vil vise gamle opptak som er gjort av Magnor Haltbakk.
Jubileumsskriftet presentert
Jubileumsskriftet for Todalen Kyrkje, som i år fyller 150 år, blei presentert i kveld. Skriftet er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og skrevet av Bernt Bøe.
Premiere for jubileumsskrift
Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.
Kulturhistorisk vandring på Kvanne
Kvanne var kommunesenteret da Stangvik vart lagt ned som kommune og delt mellom Surnadal, Sunndal og Tingvoll pÃ¥ midten av 1960- talet. Torsdagskvelden 11.8. kl 1900 inviterer Stangvik Historielag til en tur “gatelangs” og attover i tid til kommunesenteret, handelsstaden, samferdselsknutepunket og til de aktiviter dette førte med seg. Møt opp pÃ¥ Joker-butikken kl 19.00. [...]
Museumsdag – Bjørn Austigard kÃ¥serte om havre
Søndag arrangerte Surnadal Museum aktivitetsdag saman med Todalen historielag og Stangvik historielag. Det vart ikkje den heilt store publikumstilstrøyminga i sommarvarmen, men dei 40-50 som deltok fekk nok valuta for pengane. Hovudposten på programmet var Bjørn Austigards kåseri om havren. Han kåserte om havrens betydning for levesettet til folk oppgjennom tida. I eit muntert og instererssant kåseri dokumenterte han utviklinga som har skjedd og kva rolle havren har hatt i utviklinga.
Museumsdag på Åsen søndag
Førstkomande søndag (17. juli kl 12-16)) inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag pÃ¥ Ã…sen. Her blir det ymse aktivitetar utover dagen, men hovudattraksjonen blir Bjørn Austigard som vil kÃ¥sere om temaet “Havre”. Det skjer i Røykestova, og pÃ¥ grunn begrensa kapasitet der, vil han halde kÃ¥seri i to omgangar – kl 13 og kl 14.
Halsesamlinga på plass
Halsesamlinga er no på plass i biblioteket i Todalen Skule, og det er mogleg å ta ein titt når biblioteket er åpent. Biblioteket er åpent to gonger til før sommarferien, 9. juni og 16. juni, frå 18.00 til 20.00.
Kulturvandring på Todalsøra
Eit sekstitals deltakarar møtte fram da Todalen Historielag arrangerte kulturvandring på Todalsøra søndag. Vandringa starta ved Inneråa, ved den gamle brannstasjonen, med Anders Halset som guide og kjentmann. Anders er godt kjent på Todalsøra og er interessert i lokalhistoria så har hadde nok historielaget treft på rette mannen til å være guide på turen. Han la for dagen ein enorm kunnskap om Todalsøra og livet der, og det vart ein interessant tur for alle.
Historievandring på Todalsøra søndag 29. mai.
Todalen historielag gjentar suksessen med historievandring pÃ¥ Todalsøra. I fjor samla laget mykje folk pÃ¥ vandringa etter Geilvegen ovafor Todaløra og til Hyllnesbukta. Denne gongen startar dei ogsÃ¥ innmed InnerÃ¥a, men gÃ¥r utover til Todalsøra etter allmannvegen og rundar av pÃ¥ dampskipskaia ved Pakkhuset. I Ã¥r som i fjor er det Anders Halset som er guide, og han avslørte i fjor ein enorm kunnskap om “gamle” Todalsøra, fortel Maren Ansnes som er ledar i historielaget.
Søk i våre arkiv
Hvis du leiter etter noko spesielt på sida vår, kan du prøve eit søk! Skriv kva du søkjer etter, og trykk Enter.
Logg inn som redaktør





































