Todalen Elveeigarlag Arkiv

Side 1 av 212»

Fisket i ToÃ¥a – Ola Bruset ny ledar


På årsmøte i Todalen elveeigarlag vart Ola Bruset valgt til ny ledar i laget. Med seg i styret har han Gudmund Hyldbakk som kasserar, Asbjørn Karlsen som sekretær og Ståle Ansnes og Anders Talgø som styremedlemar. Han fortel at det i år er same fangstperiode som i 2011 i Toåa. Fisket etter laks og sjøørret startar 15. juni og varer fram til 15. august. Men laget er i år pålagt å gjera ei vurdering av fisket midt i sesongen, på grunn av den kritiske situasjonen for villaksen. Dette vart også gjort for eit par år sia.

Laksefiske – snart ny sesong


Det går mot ny sesong for laksefiske i Toåa. Todalen Elveeigarlag melder at tidsrommet for laksefiske i år er fastsett til perioden 15. juni til 15. august. Det er like ens som i fjor. Døgnkvotane blir også som i fjor, nemleg 2 laks og 2 ørret pr døgn. Todalshytta som innkvarterer mange av laksefiskarane opnar også for [...]

Nedbør og snøsmelting skapte flaum


Det siste døgnet har det vore stor vassføring i Toåa. Mykje regn og rundt 10 varmegrader skapte tendes til flaum i morgontimane og utover føremiddagen. Vidare utover dagen var det stort sett opphaldsver, og vassføringa gikk noko attende utover ettermiddagen og kvelden. Til onsdag melder yr.no om tildels store nedbørsmengder i Møre og Romsdal, men melder samtidig lågare temperatur. Men ein kan nok rekne med at det blir stor vassføring også onsdag utpå dagen og utover kvelden.

Mange nye todalinger?


Den 29. fabruar, pÃ¥ selveste skuddÃ¥rsdagen, gjorde RossÃ¥a settefiskanlegg et framstøt for Ã¥ fÃ¥ til flere todalinger, skriver Monika Klungervik i en e-post til Todalen.no. “Da gjorde vi nemlig et forsøk pÃ¥ Ã¥ legge ut øyerogn i ToÃ¥a, men denne dagen var elva for stor slik at vi mÃ¥tte utsette jobben til mandag 5. mars. Det er ikke noe pÃ¥legg om Ã¥ legge ut rogn i ToÃ¥a, men etter 2011-stamfisket fikk vi ett overskuddsmateriale som var ganske stort, dvs 50 000 rognkorn totalt.

Siste dag for fiske etter laks og sjøaure


Måndag kveld kl 24 er årets sesong for laks- og sjøaurefiske i Toåa slutt. Direktoratet for naturforvalning justerte seinast i år fisketidene for fiske etter laks- og sjøaure, og årets sesong som starta 15. juni tek altså slutt 15. august kl 24. Laksefisket i år starta bra, med ein lang periode med god vassføring, men [...]

Laksefisket pÃ¥ tampen…


Fisket etter laks og sjøaure går mot slutten. Måndag 15. august er siste dag, etter at fisketida vart endra på grunn av faren for overfiske. Den siste tida har vassføringa vore i minste laget, men etter meldingane ligg det an til en god del regn tysdag og onsdag denne veka. På ein liten runde rundt bygda var det fleire fiskarar på elvekanten enn det har vore på lenge.

Skjelprøvar av laksen


Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.

Den glade laks….


Laksen var nok ikkje glad, men fiskaren var desto meir oppstemt da vi trefte Tore Kåre Eriksen på Todalshytta onsdag kveld. Eriksen vart den første til å sprengje 10-kilosgransa i år, og ikkje nok med det; han tok ein på 8 kilo tysdag også. Han fortel at storlaksen vart teken på sluk mellom Oddøyneset og Oddøyøran onsdag. Og han hadde nok litt flaks når han tok laksen til lands, for da han skulle ta ut kroken gikk den tvert av! Vi reknar med at det heretter blir fast prosedyre å kontrollere krokane når det settes på ny sluk!

Første laks i morgontimane


Kvart over 7 i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.

Ny sesong i Toåa


FrÃ¥ midnatt er laks og sjøaure “fritt vilt” i ToÃ¥a. Sesongen i Ã¥r varer frÃ¥ 15. juni og varer til 15. august, og det er same fisketid for bÃ¥de laks og sjøaure. Det er bra vassføring i ToÃ¥a etter regnet og snøsmeltinga dei siste dagane. Og etter vêrmeldinga pÃ¥ yr.no vil det fortsatt bli litt regn utover veka, og vassføringa vil nok halde seg. Det er knytta stor spenning til Ã¥rets laksefiske som altsÃ¥ kjem i gang 2 veker seinare i Ã¥r enn i fjor, etter reguleringa av laksefisket som direktoratet har gjort.

Laksefisket igang i Surna – ToÃ¥a startar 15. juni


Natt til onsdag, nærare bestemt kl 00.00, starta laksefisket i Surna. Det tok ikkje lange stunda før den første laksen vart landa, og fleire fulgte hakk i hel utover natta og morgontimane. I Surna startar fisket 1. juni i år, og varer til 31. august, medan fisket i Toåa og Bævra startar 15. juni og går til og med 15. august. Altså ein månad kortare i Toåa enn i Surna. I Søya er fisketida 15. juni til 31. juli i år. I dei fire lakseførande elvane i Surnadal gjelder desse tidene for såkalla anadrome fiskelag, altså både laks og sjøaure.

Laksefisket startar 15. juni


Laksefisket i Toåa blir i år frå 15. juni til 15. august. Det er også klart at dei same datoane vert gjeldande for fisket etter sjøaure. Det er direktoratet for naturforvalning som strammar inn tidsrommet for fisket i Toåa, seier leder i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen. I fjor starta fisket 1. juni. Sluttdatoen 15. august [...]

Medlemmar

Sparebank1 Midt-Norge
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Sanitetsforening
Todalen Småbåtforening
Surnadal Regnskap AS
Start 4H
Todalen Sokneråd
AMFI Kreativ
Godt mot, Todalen
IL Søya
Todalen Brygge
Rossåa Settefiskanlegg
Surnadal Sparebank
Kombi Regnskap
Norsk Laksefestival
Viastua Gardsprodukt
AMFI Surnadal
Todalen Elveeigarlag
Driva
Kårvatn Fjellutstyr
Todalen Historielag
Surnadal Kulturhus
Norsk Vandrefestival
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Surnadal Lastebil Verksted AS
Todalen Bondelag
Svorka
Gjensidige Surnadal
Vårsøg Hotell
Nordvik Grendalag
Todalen Idrettslag
MPs hjemmebakeri
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Surnadal Kommune
Todalshytta
Talgø Møbelfabrikk AS
Søya og Todalen Skytterlag
ICA Todalen
Trollheimsporten
Skogkompaniet
Skulstuå i Todalen
Eldremiddagen
Indre Nordmøre Forsvarsforening

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør